Solveig Kringlebotn
Solveig Kringlebotn (fødd 4. juni 1963) er ein norsk sopran og operasongarinne fødd i Drøbak i Akershus. Internasjonalt nyttar ho kunstnarnamnet Solveig Kringelborn.
Solveig Kringlebotn | |||
| |||
Fødd | 4. juni 1963 (61 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Drøbak | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Verka som | operasongar | ||
Prisar | Norsk kulturråds ærespris, Spellemannprisen i klassisk musikk, Anders Jahres Kulturpris, Gammleng-prisen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Lindemanprisen |
Solveig starta tidleg med korsong, og fekk solooppgåver allereie i åtteårsalderen. Seinare tok ho songtimar med operasongaren Randi Helseth, der ho m.a. song mange songar av Edvard Grieg, studerte så ved Norges Musikkhøgskole og til slutt ved Operahögskolan i Stockholm der ho var ferdig i 1988. Etter dette har ho jamleg teke songtimar av David Harper i London.
Ho debuterte på operascena i Stockholm i 1987 som Papagena i Tryllefløyta av Mozart. Same året spelte ho i Den Norske Opera i La Bohéme av Giacomo Puccini. Seinare har ho fått talrike operaroller, og ho er i dag ein av dei viktigaste sopranane i Norden. I 1991 debuterte ho internasjonalt i London i eit stykke som var skrive for henne; Chantefleurs et Chantefables av Witold Lutosławski. Ho har seinare framført det same stykket mange andre stader i verda.
Viktige roller (utval)
endre- Papagena i Tryllefløyta av Mozart i Stockholm
- Musetta i La Bohéme av Giacomo Puccini i Oslo
- Pamina i Tryllefløyta av Mozart i Wien
- Zerlina i Don Giovanni av Mozart i Moskva,
- Antonia i Hoffmanns eventyr av Jacques Offenbach
- Tatjana i Eugen Onegin av Tsjajkovskij i Paris
- Donna Elvira i Don Giovanni av Mozart i Paris
- Susanna i Figaros bryllaup av Mozart i Berlin,
- Fiordiligi i Cosi fan tutte av Mozart i Glyndebourne i England
- Marenka i Den solgte brud av Bedřich Smetana i Glyndebourne i England
- Donna Elvira i Don Giovanni av Mozart i London
- Senta i Den flygende hollender av Richard Wagner i London,
- Grevinne Almaviva i Figaros bryllup av Mozart i San Francisco og i München
- Marie i Wozzeck av Alban Berg i Zürich
- Donna Elvira i Don Giovanni av Mozart i New York
- Tatjana i Eugen Onegin av Tsjajkovskij i New York
- Eva i Meistersongarane frå Nürnberg av Richard Wagner i New York.
Diskografi (utval)
endreUtmerkingar
endre- Spellemannprisen 1998 (i 1999) for Black Roses.
- Anders Jahres kulturpris, 1999
- Gammleng-prisen i klassisk, 2001
- Norsk kulturråds ærespris, 2008
- Lindemanprisen, 2009[6]
Kjelder
endre- Artikkelen er basert på NBL-artikkel om Solveig Kringlebotn, skriven av Svein Bjørkøy.
- Bokmålswikipedia om Kringlebotn, henta inn 30. januar 2011.