Ole Irgens

norsk politikar

Ole Irgens (6. april 182914. april 1906) var ein norsk skulemann og politikar frå Bergen. Christian A. Irgens var ein eldre bror, medan Aksel Irgens var son hans.

Ole Irgens

Fødd6. april 1829
Død14. april 1906 (77 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, skuleleiar
Utdanna vedBergen Katedralskole
BarnAksel Irgens
Alle verv

Irgens var son av ein reipslagar. Han vart student frå katedralskulen i fødebyen i 1848 og cand. theol. i 1853. I 1855 oppretta han ein jenteskule i Bergen, som han sjølv styrte til 1861, då han vart utnemnd til skuleinspektør for Bergen by. Denne stillinga hadde han heilt til han tok avskjed i 1898.

Allereie i 1862 la Irgens fram «Forslag til ny plan for Bergens almueskolevæsen». Han studerte pedagogiske idear og praksis på fleire reiser i utlandet. Mellom anna reiste han 1864 i Tyskland der undersøkte «industriskoler og skoler for vanartede barn». Både 1867 og 1874 oppretta og styrte han kurs for kvinnelege lærarar. Han stod også bak opprettinga av «Ulfsnæsøens opdragelsesanstalt». 1875 var han medlem av ein departemental komite om allmugeskulen i byane. År 1864 var han med i å stifte Den Norske Sjømannsmisjon, formann dei to fyrste åra.

Irgens var medlem av Bergens kommunestyre frå 1861. Han var ein av hovudmennene bak bygginga av Fjellveien i Bergen. 1868-69 var han 3. representant for Bergen på Stortinget. Han var medlem av kyrkjekomite nr 1, der han særleg gjorde seg til talsmann for sjølvstyre innanfor statskyrkja.

Irgens var riddar av St. Olavs orden. Han døydde i Bergen i 1906.

Kjelder endre