Opna hovudmenyen

Christian Andreas Irgens (6. juli 183315. april 1915) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Bergen. Ole Irgens var bror hans.

Christian A. Irgens
Fødd 6. juli 1833
Død

15. april 1915

Yrke politikar, forretningsdrivande

Irgens var son til ein reipslagar i Bergen. Sjølv gjekk han realskule, og arbeidde så hos far sin til dess han tok over reipslagar-verksemda i 1860. I 1875 starta han opp Bergens tråd- og drevfabrikk, fire år seinare kjøpte han eit mylnebruk i Bjørsvik ved Osterfjorden, og dreiv sidan desse verksemdene.

Irgens var fyrste varamann til Stortinget for Bergen perioden 1874-76, og møtte frå 3. mai 1875 og heile 1876-sesjonen for Ivar Geelmuyden som var sjuk og døydde. På tinget hadde Irgens sete i kyrkjekomiteen. Irgens var elles medlem av Bergen bystyre i fleire år, ordførar i 1880 og 1881. For stortingsperioden 1895-97 vart han vald til fyrsterepresentant for Søndre Bergenhus amt, han budde då i Fana. I 1895 var han permittert frå Stortinget frå 1. juli, grunna forretningar, og møtte ikkje i det heile i 1896-sesjonen, då på grunn av sjukdom. Irgens møtte derimot heile 1897-sesjonen. År 1895 var han medlem av Stortinget sin sosialkomitee, i 1897 av næringskomite nr 1.

KjelderEndra