Ole K. Steinholt

norsk prest og politikar

Ole Konrad Steinholt (8. desember 188821. april 1955) var ein norsk prest og politikar frå Sjøvegan i Troms. Han var prost i Trondenes prosti i 20 år og stortingsrepresentant frå Troms og for Arbeidarpartiet perioden 1928-30. Steinholt var far til biskop Ola M. Steinholt.

Ole K. Steinholt
Fødd8. desember 1888
Død21. april 1955 (66 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest
Alle verv

Liv og gjerning endre

Steinholt var son til ein kjøpmann. I 1909 tok han eksamen artium ved katedralskulen i Trondheim og fem år seinare embetseksamen frå det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. I studietida arbeidde han ein sesong i kolgruveneSvalbard. Frå 1914 var han sokneprest i Lebesby i Hammerfest prosti. Her lærte han seg samisk og tok eksamen i samisk språk i 1917. Åra 1925-31 var han prost i Hammerfest prosti og prest i Kistrand.

I 1919 vart Steinholt vald inn i heradsstyret i Lebesby, og omgåande vald til ordførar, eit ombod han hadde til 1925. Ved stortingsvalet hausten 1927 vart han, saman med Kristian Hermann Berg, vald til å representere Finnmark og Arbeidarpartiet på Stortinget. Treårsbolken 1928-30 hadde Steinholt sete i Stortingets vegkomite.

Frå mars 1931 arbeidde Steinholt som sokneprest i Trondenes prestegjeld, eit embetsområde som omfatta kommunane Trondenes, Harstad, Sandtorg og Skånland. Sidan 1935 var han òg prost i Trondenes, ei stilling han hadde til han døydde i 1955.

Under den tyske okkupasjonen av Noreg vart han i januar 1941 meld til fylkesmannen «som en der offentlig motarbeider den nye tids ånd», og fråteken alle kommunale verv. I juni 1942 vart Steinholt tvangsflytta til Skjellesvik på Grytøya. Året etter vart bøtelagd for ei preike han heldt i juni 1943.

Kjelder endre