Ole Lilleholt
Ole Reiersson Lilleholt (8. juli 1836–21. oktober 1914) var ein norsk kontorist, handelsmann, bankmann og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder. Han vart med i Stortingets Venstreforening då denne vart danna. Reier Thorsen Lilleholt var far hans.
Ole Lilleholt | |||
Fødd | 8. juli 1836 Holt kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 21. oktober 1914 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Reier Thorsen Lilleholt | ||
Alle verv |
|
Lilleholt var i 1852 kontorist hos lensmannen i Holt og sorenskrivaren i Tvedestrand. Frå 1853 til -61 var han krambudreng i Tvedestrand. Åra 1861-64 var han sjølv handelsmann i byen, medan han 1864-80 var kontorfullmektig. Han var leiar for sparebanken frå 1858 til -65, deretter kasserar i banken til 1900.
Lilleholt var medlem av bystyret i mange år, ordførar 1886-?? Vidare var han forlikskommissær 1871-87. Frå 1880 til 1888 representerte han Nedenes amt på Stortinget. Heile stortingstida var han medlem av budsjettkomiteen.
I desember 1900 var han pasient på Eg asyl i Kristiansand.[treng kjelde]
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak (1914). «Lilleholt, Ole Reiersen». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: [Steenske bogtrykkeri]. s. 548.
- Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 34.
- Biografisk informasjon om Ole Lilleholt NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv