Ole Monsen Mjelde
norsk politikar
Ole Monsen Mjelde (fødd 12. september 1865 på Osterøy, død 7. mars 1942) var ein norsk bonde og Venstrepolitikar.
Ole Monsen Mjelde | |
![]() | |
Fødd | 12. september 1865 Osterøy |
---|---|
Død | 7. mars 1942 (76 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Mjelde kom frå Mjeldalen i Haus formannskapsdistrikt i Hordaland. Han var underoffiser fram til 1918, då han som fanejunker tok avskil. Han var stortingsmann for Hordaland i 1910-1936 og president i odelstinget 1919-1920. Han var arbeidsminister i Gunnar Knudsens andre regjering 1920, i Blehrs andre regjering 1921-23 og i dei tre regjeringane til Mowinckel.
KjelderEndra
- Biografisk informasjon om Ole Monsen Mjelde NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv