Ole Olsen (1850-1927)

Ole Olsen (4. juli 18509. november 1927) var ein norsk romantisk komponist. Han var og den fyrste dirigenten til Frimuraranes orkester i Noreg.[1]

Ole Olsen

Fødd4. juli 1850
FødestadHammerfest kommune
Død4. november 1927 (77 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Sjangerklassisk musikk
Instrumenttrombone, orgel
Verka somdirigent, komponist, musikkforskar
Byste av Ole Olsen (1850-1927)

Biografi endre

Oppvekst i Hammerfest endre

Far til Ole Olsen var organist i Hammerfest. Ole var ein musikalsk gut, og som 6-7 åring var han vikar for faren.

På denne tida fanst det ikkje aviser. Difor gjekk ein politibetjent rundt i byen og las opp kunngjeringar og auksjonsplakatar. Ole fekk jobb som trommeslager. Når folk høyrde tromminga visste dei at det ville komme ei kunngjering.

Studiar endre

Frå 1870 til 1874 studerte han ved musikkonservatoriet i Leipzig. Her komponerte han ein symfoni i G-dur og byrja på operaen Stig Hvide.

Komponist i Oslo endre

Han flytta så til Christiania (Oslo) der han arbeide som komponist, dirigent og musikklærar. I åra 1877-80 vikarierte han i «Musikkforeningen» medan dirigenten Johan Svendsen var i utlandet. I 1879 gifta han seg med Marie, dotter til pianofabrikanten Karl Hals.

I 1884 vart han dirigent for «annen brigades musikkorps» i Oslo, og var 1899-1919 armémusikkinspektør med majors rang. Han var også aktiv i Kunstnerforeningen.

I 1912 vann Olsen Petter Dass-medaljen. I 1920 vart det reist ein bauta med byste av han i Hammerfest. Han står på Ole Olsens plass i dag.

Musikk endre

Mest kjend er «Solefaldsang» frå operaen Svein Uræd til tekst av Nordahl Rolfsen. Han skreiv også operaen Lajla.[2]

Olsen skreiv sjølv teksten til fleire av operaene sine. Ei skriftsamling, kalla Digte, vart gitt ut etter at han var død. Han er også kjend for 11 klaverstykker, stykke for klaver i nasjonalromantisk stil. Olsen skreiv også ein suite for klaver og strykarar som er basert på desse stykka.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «ET MUSIKALSK GENI» (PDF). Frimurerbladet. 2009. s. 16. 
  2. K.E. Harr, Den vakreste reisen - Logbok fra en hurtigrute, J.W. Cappelens forlag, 1993.