Ole Sundby
Ole Evensen Sundby (28. mars 1838–13. desember 1905) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Hedrum i Vestfold. Han sat to periodar på Stortinget for Venstre.
Ole Sundby | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mars 1833 |
Død |
13. desember 1905 (72 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Sundby var son til ein gardbrukar og tok i si tid over farsgarden. I ungdomen hadde han lært seg til smed i ei bygdesmie. Han interesserte seg mykje for dette handverket og leverte landbruksreiskapar og -maskinar som han sjølv hadde konstruert. Sundby var medlem av heradsstyret i Hedrum frå 1874 til 1904, ordførar i mange år. Medlem av forlikskommisjonen 1884-1904, sparebankdirektør frå 1882.
Sundby var 4. representant frå Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget perioden 1886-88, medlem av militærkomiteen. Valbolken 1898-1900 var han 1. varamann til Stortinget, møtte 1898-sesjonen frå 14. april i staden for Carl Michelet. Då var han medlem av næringskomite nr 2.
Han døydde ugift på garden sin i Hedrum i 1905.
Kjelde endre
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914