Olga Rozanova
Olga Vladimirovna Rozanova (21. juni 1886–7. november 1918) var ein russisk kunstmålar. Ho var ein avantgarde-kunstnar som knytte seg til fleire stilretningar i samtidskunsten, så som suprematisme, ny-primitivisme og kubo-futurisme.
Olga Rozanova | |
Sjølvportett, 1911 | |
Verkeleg namn | Ольга Владимировна Розанова |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken |
Fødd | 21. juni 1886, 22. juni 1886 Melenki |
Død |
7. november 1918 (32 år) |
Yrke | lyrikar, illustratør, teiknar, kunstmålar, collagist, skribent, biletkunstnar, kunstnar, tekstilkunstnar |
Språk | russisk |
Medlem av | Supremus, Soyuz Molodyozhi |
Olga Rozanova på Commons |
Rozanova var fødd i Melenki, ein småby nær storbyen Vladimir. I 1904 tok ho til med ei mangeårig læretid ved kunstskulen driven av K. Bolsjakov og Konstantin Juon i Moskva. Samstundes studerte ho ved Stroganovs Skule for anvendt kunst.
Frå 1911 var Rozanova ein av dei mest aktive medlemene av Ungdomsforbundet (Sojuz Molodjozjij). Året etter innleia ho vennskap med futurist-poetane Velimir Khlebnikov og Aleksej Krutsjonykh, den siste hennar framtidige ektemann.
Suprematisme
endreI 1916 vart Rozenova med i ei gruppe av russiske avantgarde-kunstnarar, Supremus, der futuristen Kasimir Malevitsj var den leiande. Ved den tid hadde måleria hennar utvikla seg vidare frå påverknaden av kubismen og den italienske futurismen. Bileta tok eit fullstendig originalt byks over i rein abstrahering, der biletkomposisjonen er organisert av trykket på synet og med relasjonane mellom fargane.
I 1917-18 laga Rozanova ei serie av ikkje-fokuserte måleri som ho kalla for tsv'etopis'. Hennar ikkje-fokuserte komposisjon 1918, også kjend som Grøn strime er eit førevarsel om det flate biletet, planet og dei poetiske nyansane i fargane til somme abstrakt-ekspresjonistar.
Olga Rozanova døydde i Moskva i ein difteri-epidemi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Olga Rozanova» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2009.