Olga Tsjernjavskaja

Olga Mikhajlovna Tsjernjavskaja, fødd Davidova, gift og skild Burova, (fødd 17. september 1963) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Irbit som vart verdsmeister i diskoskasting i 1993 og tok EM-sølv i 1990 og VM-bronse i 1995 i same øvinga. Ho tevla fyrst for Sovjetunionen, frå 1993 for Russland.

Olga Tsjernjavskaja
Fødd 17. september 1963 (59 år)
Irbit
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Som Olga Burova fekk ho i 1990 sin internasjonale meisterskapsdebut i EM i Split. Med eit bestekast på 66,72 m kneip ho sølvmedaljen seks centimeter framom austtyske Martina Hellmann, ei anna austtysk kvinne, Ilke Wyludda, vart europameister. Den 29. mai 1992 sette Burova i Sotsji sin endelege personlege rekord då diskosen landa på 68,38 m. Under dei olympiske leikane i Barcelona nøgde ho seg med 64,02 m og femteplass.

Som Olga Tsjernjavskaja vann ho ein klar siger i diskostevlinga då verdsmeisterskapen 1993 fann stad i Stuttgart, med 67,40 m slo ho sølv- og bronsemedaljørane med over to meter. Under den neste verdsmeisterskapen, i Göteborg i 1995, nådde ho 66,86 m, noko som gav henne bronsen, bulgarske Ellina Zvereva tok gull og Ilke Wyludda sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra