Oliver Wakeman

britisk komponist

Oliver Wakeman (fødd 26. februar 1972) er ein engelsk klaverspelar. Han er den eldste sonen til Rick Wakeman og bror til Adam Wakeman. Han er mest kjend som tidlegare klaverspelar i progressiv rock-bandet Yes, og for samarbeidet sitt med fleire tidlegare kollegaer av faren sin, blant anna Steve Howe frå Yes og bandet Strawbs. I 2008–2009 var han på turné med Yes som erstattar for faren sin.[1]

Oliver Wakeman

Fødd26. februar 1972 (52 år)
FødestadLondon
Opphav England
SjangerProgressiv rock, rock
Instrumentkeyboard
Verka somkomponist, pianist, studiomusiker
FarRick Wakeman

Etter turneen med Yes, som vart kalla In the Present, var han med Strawbs på turné og spelte på albuma deira Dancing to the Devil's Beat i 2009[2], før han 15. oktober 2009 vart presentert som offisielt medlem av Yes. I oktober–desember 2009 var Wakeman med på Yes-turneen i Europa, og han var òg med på USA-turneen i februar og mars 2010. Han var vidare med på USA-turnen til bandet i juni og juli 2010.

Hausten 2010 gjekk Wakeman saman med resten av Yes og produsent Trevor Horn i platestudio for å spele inn songar til eit nytt album.[3] Etter at Geoff Downes vart presentert som ny klvarspelar i Yes 31. mars 2011[4], og det vart sidan klart at Wakeman ikkje lenger var offisielt medlem av Yes.[5] Yes-albumet Fly from Here[6] inneheld bidrag frå Wakeman som klvarspå «We Can Fly», «We Can Fly (reprise)» og «Hour of Need», og dessutan at han er medkomponist på låten «Into the Storm». Han spelar òg på konsertalbumet In the Present – Live from Lyon, som vart innspelt i desember 2009 og utgjeve november 2011.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre