Fly from Here
Studioalbum av Yes
Språk engelsk
Utgjeve 22. juni 2011
Innspelt Oktober 2010 til februar 2011
Studio
Sjanger Progressiv rock
Lengd 47:28
Selskap Frontiers
Produsent Trevor Horn
Yes-kronologi 
Union Live
(2011)
Fly from Here In the Present – Live from Lyon
(2011)


Singlar frå Fly from Here
  1. «We Can Fly»
    Utgjeve: 13. juni 2011

Fly from Here er eit studioalbum frå det britiske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 2011. Albumet er det første reine studioalbumet til bandet sidan Magnification frå 2001. Dette er òg det første albumet til bandet med vokalisten Benoît David. Klaverspelaren Geoff Downes medverkar for første gongen sidan albumet Drama frå 1980. Produsent er Trevor Horn, som var vokalist på albumet Drama, og produsent på albumet 90125 frå 1983. Det er òg utgjeve ein spesialutgåve med ein bonus-DVD som inneheld ein dokumentarfilm om innspelinga av albumet.

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic53/100 [8]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic
Blurt Magazine7/10 stars[1]
Daily Express3/5 stars[2]
The Guardian2/5 stars[3]
Paste Magazine8.2/10[4]
PopMatters6/10[5]
Rolling Stone2/5 stars[6]
Sputnikmusic2/5 stars[7]

Albumet kom på 30. plass på UK Albums Chart i Storbritannia, 36. plass på Billboard 200 i USA og på 24. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.[10]

Bakgrunn endre

Tittelsporet på albumet, «Fly from Here», er ein komposisjon som varar i 23 minutt og 49 sekund. Han består av tre hovudtema, og er delt opp i seks seksjonar med eigne spornummer som blir saman bunde av instrumentale mellomspel. Komposisjonen er hovudsakleg basert på låten «We Can Fly from Here», som vart skrive med tanke på albumet Drama, men som vart utelate. Ein konsertversjon av «We Can Fly from Here» vart utgjeve på samlealbumet The Word Is Live i 2005. Etter at Downes og Horn forlét Yes i 1981, spelte dei inn ein demoversjon som The Buggles. Denne versjonen var meint for albumet Adventures in Modern Recording, men vart nok ein gong utelate. Denne demoversjonen var med som bonusspor på nyutgjevinga av Adventures in Modern Recording.

Låta «Life on a Film Set» er basert på The Buggles-demoen «Riding a Tide», som òg vart utgjeve som bonusspor på nyutgjevinga av Adventures in Modern Recording. Dei andre songane er nye komposisjonar.

Plateomslaget er designa av Roger Dean, som har stått bak ei rekkje av plateomslaga til Yes. Omslaget er frå eit måleri Dean starta å måle ein gong på 1970-talet. Måleriet vart fullført først i 2011 då banda ynskte å nytte det til dette albumet.

Sporliste endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Fly from Here - Overture»Trevor Horn, Geoff Downes1:53
2.«Fly from Here - Part I - We Can Fly»Horn, Downes, Chris Squire6:00
3.«Fly from Here - Part II - Sad Night at the Airfield»Horn, Downes6:41
4.«Fly from Here - Part III - Madman at the Screens»Horn, Downes5:16
5.«Fly from Here - Part IV - Bumpy Ride»Steve Howe2:15
6.«Fly from Here - Part V - We Can Fly" (Reprise)»Horn, Downes, Squire1:44
7.«The Man You Always Wanted Me to Be»Squire, Gerard Johnson, Simon Sessler5:07
8.«Life on a Film Set»Horn, Downes5:01
9.«Hour of Need»Howe3:07
10.«Solitaire»Howe3:30
11.«Into the Storm»Squire, Oliver Wakeman, Howe, Horn, Benoît David, Alan White6:54
12.«Hour of Need" (Full-length version)»Howe6:45

Bonus-DVD – Spesialutgave endre

  • «The Making of Fly from Here Documentary» – 18:29

Medverkande endre

Andre medverkande endre

  • Oliver Wakeman – keyboard på «We Can Fly», «We Can Fly (reprise)» og «Hour of Need»
  • Trevor Horn – korvokal, keyboard
  • Luís Jardim – perkusjon
  • Gerard Johnson – piano på «The Man You Always Wanted Me to Be»


Salslister endre

Liste (2011) Plassering
Tyske album (Media Control)[11] 16
Skotsk albumliste[12] 19
Franske album (SNEP)[13] 134
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[14] 39
Svenske album (Sverigetopplistan)[15] 31
Norske album (VG-lista)[16] 24
Nederlandske album (MegaCharts)[17] 43
Belgium (Wa)[18] 45
Japanske album (Oricon)[19] 56
UK Albums Chart[20] 30
US Billboard 200[21] 36
US Independent Albums (Billboard)[22] 7
US Top Rock Albums (Billboard)[23] 9
US Top Tastemaker Albums (Billboard)[24] 4

Kjelder endre

  1. Chiu, David (15. juli 2011). «Yes: Fly From Here – review». Blurt Magazine. Arkivert frå originalen 7. juli 2012. Henta 23. februar 2020. 
  2. Gage, Simon (1. juli 2011). «Yes: Fly From Here (Frontiers)». Daily Express. Arkivert frå originalen 4. august 2012. Henta 23. februar 2020. 
  3. Simpson, Dave (14. juli 2011). «Yes: Fly From Here – review». The Guardian. Henta 23. februar 2020. 
  4. Reed, Ryan (11. juli 2011). «Yes-Fly from here». Pastemagazine. Henta 23. februar 2020. 
  5. Garratt, John (123. februar 2020). «Yes: Fly From Here | PopMatters». popmatters.com. Henta 23. februar 2020. 
  6. «Fly From Here - Rolling Stone». Arkivert frå originalen 31. mars 2017. Henta 23. februar 2020. 
  7. Robin, Smith (1. juli 2011). «Yes – Fly from Here». Sputnikmusic. Henta 23. februar 2020. 
  8. «Fly From Here - Yes». Metacritic. Henta 23. desember 2019. 
  9. «Fly From Here by Yes reviews». Any Decent Music. Henta 23. februar 2020. 
  10. VG-lista – Yes
  11. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 23. februar 2020.
  12. «Skotske Albums Chart». Theofficialcharts.com. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 23. februar 2020. 
  13. "Yes – Fly From Here". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 23. februar 2020.
  14. "Yes – Fly From Here". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 23. februar 2020.
  15. "Yes – Fly From Here". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 23. februar 2020.
  16. "Yes – Fly From Here". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 23. februar 2020.
  17. "Yes – Fly From Here". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 23. februar 2020.
  18. Yes – Fly From Here. ultratop.be. Henta 23. februar 2020.
  19. "Oricon Top 50 Albums" (på japansk). Oricon. Henta 23. februar 2020.
  20. «Album Top 40 from the Official UK Charts Company». Theofficialcharts.com. Henta 23. februar 2020. 
  21. "Yes Album & Song Chart History" Billboard 200 for Yes. Prometheus Global Media. Henta 23. februar 2020.
  22. "Yes Album & Song Chart History" Billboard Independent Albums for Yes. Prometheus Global Media. Henta 23. februar 2020.
  23. "Yes Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for Yes. Prometheus Global Media. Henta 23. februar 2020.
  24. "Yes Album & Song Chart History" Billboard Top Tastemaker Albums for Yes. Prometheus Global Media. Henta 23. februar 2020.