Geoffrey Downes (fødd 25. august 1952)[1] er ein engelsk klaverspelar og låtskrivar for banda Yes og Asia, og tidlegare i The Buggles, der han spelte fleire tangentinstrument for å få ein New Wave-technopop-stil. Han var ein gong i Guinness Rekordbok for å ha spelt på flest tangentinstrument (28)[2] på scenen under ein enkel konsert.

Geoff Downes

Fødd25. august 1952 (71 år)
FødestadStockport, Cheshire i England
FødenamnGeoffrey Downes
OpphavStorbritannia
Aktiv1974 til i dag
SjangerProgressiv rock, hardrock, poprock, New Wave, synthpop, electronica
Instrumenttangentinstrument, piano, synthesizer, vocoder, trommer, perkusjon
Tilknytte artistarThe Buggles, Yes, Asia, Glenn Hughes, New Dance Orkester, John Wetton, ICON, DBA
PlateselskapEMI America Records
Frontiers Records
Geffen Records
Universal
Verka somMusikar, klaverspelar, låtskrivar, produsent
Gift medWenche Steen
PrisarÆresordenen

Karriere endre

Buggles og Yes endre

Downes starta karrieren sin i new wave-bandet Buggles, som han starta saman med Trevor Horn i 1977. Duoen fekk i 1979 ein hit med singelen «Video Killed the Radio Star» som òg vart opningssongen då MTV opna sendingane sine. I 1980 vart dei verva til progrockgruppen Yes, der Downes erstatta Rick Wakeman på keyboard. Han var med på albumet Drama og den påfølgjande turneen.

Asia og solokarriere endre

Då Yes i 1981 vart oppløyst, starta Downes og gitaristen Steve Howe frå Yes saman med Carl Palmer frå Emerson, Lake & Palmer og John Wetton frå King Crimson supergruppa Asia. Gruppa hadde ein del hittar tidleg på 1980-talet, blant anna «Heat of the Moment» frå debutalbumet Asia.

Parallelt med Asia har Downes òg spelt inn ei rekkje soloalbum og arbeidd med andre musikarar, som John Wetton og Glenn Hughes. Han har òg produsert album frå blant anna Mike Oldfield, Thompson Twins og GTR.

Gjenforeining av Asia endre

Medan øvrige medlemmar har kome og gått, fortsette Downes å drive bandet og var ein periode det einaste av dei originale medlemmane, fram til gjenforeininga av originalbesetninga i 2006. Han var med på gjenforeiningsturneen og albumet Phoenix som vart utgjeve i 2008 og på oppfølgeren Omega som kom i 2010.

Tilbake i Yes endre

Downes vart på våren 2011 igjen medlem av Yes, og denne gongen erstatta han Oliver Wakeman. Yes gav ut eit nytt album, Fly from Here, sommaren 2011[3] og Downes bidreg på det nye albumet som klaverspelar og låtskrivar. Bandet skal i løpet av 2011 òg på turné i Nord-Amerika[4] og Europa.[5]

Diskografi endre

Solo albums endre

  • The Light Program, 1987, Geffen
  • Vox Humana, 1992, JIMCO/Blueprint Records
  • Welcome to the Real World med Trapeze, 1993
  • Evolution, 1996, Blueprint Records
  • Wetton Downes (demoalbum), 1996, Stallion Records
  • Hughes/Downes: The Work Tapes, 1998, Blueprint Records
  • The World Service, 2000, Blueprint Records
  • Shadows & Reflections, 2003, Voiceprint Records
  • The Collection, 2003, Voiceprint Records
  • Live at St. Cyprian's, 2003
  • White (Alan White), 2004
  • Icon (med John Wetton), 2005, Frontiers Records
  • Icon Akustisk TV Broadcast (med John Wetton), 2006, Frontiers Records
  • Icon Live - Never in a Million Years (med John Wetton), 2006, Frontiers Records
  • Icon II: Rubicon (med John Wetton), 2006, Frontiers Records
  • Icon 3 (med John Wetton), 2009, Frontiers Records
  • Electronica (New Dance Orchestra med Anne-Marie Helder), 2010
  • Pictures of You (med Chris Braide), 2012

Yes endre

  • Drama, 1980 / expanded and remastered, 2004
  • The Ultimate Yes, 2003
  • The Word Is Live, 2005
  • Fly From Here, Frontiers Records, 2011

The Buggles endre

  • The Age of Plastic, 1979
  • Adventures in Modern Recording, 1981
  • Adventures in Modern Recording, Remixed & remastered with bonus tracks, ZTT Records, 1981

Asia endre

Singlar endre

  • "Heat of the Moment"
  • "Only Time Will Tell"
  • "Days Like These"
  • "Sole Survivor"
  • "Don't Cry"
  • "The Smile Has Left Your Eyes"
  • "The Heat Goes On"
  • "Who will Stop the Rain"

Album endre

  • Asia, 1982
  • Alpha, 1983
  • Astra, 1985
  • Then & Now, 1990
  • Live Mockba 09-X1-90, 1991
  • Aqua, 1992; Aqua Special Edition, 2005
  • Arie, 1994; Arie Special Edition, 2005
  • Arena, 1996; Arena Special Edition, 2005
  • Archiva 1, 1996
  • Archiva 2, 1996
  • Now - Live in Nottingham, 1997
  • Live in Osaka, 1997
  • Live in Philadelphia, 1997
  • Anthology—The Best of Asia 1982-1997, 1997; Anthology Special Edition, 2005
  • John Wetton—Geoff Downes—Asia—UK Compilation CD, 1997
  • The Very Best of Asia: Heat of the Moment (1982–1990), 2000
  • The Best of Asia Live, 2000?
  • Aura, 2001
  • Alive in Hallowed Halls, 2001
  • Asia/Boston: Winning Combination, 2001
  • Alive in Hallowed Halls, 2001
  • Live at Budokan, 2002
  • Quadra, 2002
  • Anthologia, 2002/Gold, 2005
  • Armada 1, 2002
  • Live Akustisk
  • Live at the Town & Country
  • Different Worlds
  • Dragon Attack
  • Historie of Asia, 2004?
  • Live in Buffalo, 2004?
  • Live in Hyogo, 2004?
  • Different Worlds, 2004
  • Silent Nation, 2004
  • Long Way from Home, 2005 (singel)
  • Phoenix, 2008
  • Omega, 2010
  • XXX, 2012

Kjelder endre

  1. Gregory, Andy. International Who's Who in Popular Music 2002. s. 143. Routledge, 2002. ISBN 1-85743-161-8, ISBN 978-1-85743-161-2
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. juni 2017, henta 27. juli 2012 
  3. Yesworld.com – Fly from Here
  4. Yesworld.com – Yes on Tour, «Summer Tour with Styx»
  5. Yesworld.com – Yes on Tour, Europe 2011

Bakgrunnsstoff endre