Omleiringa av Mons i 1691

Omleiringa av Mons, 15. mars–10. april 1691, var ein stor operasjon under niårskrigen og hovudmålet til franskmennene under felttoget i 1691 i Dei spanske Nederlanda. Byen vart kringsett og erobra med minimale tap. Det var aldri tvil om utfallet, men i ein krig som var prega av omleiringar, klarte verken den franske armeen til kong Ludvig XIV eller styrkane til Storalliansen under kong Vilhelm III å oppnå eit avgjerande slag. Etter kringsetjinga bombarderte duc de Boufflers den nøytrale byen Liege, medan duc de Luxembourg erobra Halle, og tok ein mindre siger mot Prinsen av Waldeck i slaget ved Leuze i september. Strategisk vart lite endra i krigen og begge partar returnerte til vinterkvartera mot slutten av felttogsesongen.

Omleiringa av Mons (1691)
Del av niårskrigen
Louis XIV at Mons 1691.jpg
Kong Ludvig XIV ved omleiringa av Mons (1691)
Gravering: «soldat drepen av ein kanon bak kongen.»
Dato 15. mars–10. april 1691
Stad Mons i Dei spanske Nederlanda
(I dagens Belgia)
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Statenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Flag of Cross of Burgundy.svg Spania
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Kommandantar
Kong Ludvig XIV
Marquis de Vauban
Duc de Boufflers
Kong Vilhelm III
Styrkar
92 000[1]
90 kanonar
~4 800[2]
Tap
Ingen data ~4 800, stort sett fangar
Niårskrigen

BakgrunnEndra

Franske styrkane hadde sikra seg mykje suksess i 1690. I juli kjempa Luxembourg og vann med eit taktisk meisterverk i slaget ved Fleurus, og stoppa dei allierte sitt håp om å invadere Frankrike, medan admiral Tourville til sjøs slo ein engelsk-nederlandsk flåte utanfor Beachy Head. I august vann Catinat slaget ved Staffarda nord i Italia (sjølv om styrken hans var for liten til å få eit strategisk overtak). Det einaste lyspunktet for Storalliansen i 1690 var sigeren til kong Vilhelm over Jakob II i Irland i slaget ved Boyne.[3] Trass i suksessen på slagmarka hadde ikkje dei franske styrkane i 1690 klat å bryte koalisjonen som var danna mot franskmennene.

I 1691 planla franskmennene eit dobbeltslag: Nice i det nordlege Italia og Mons i Dei spanske Nederlanda. Nederland vart igjen hovudmålet til Frankrike i krigen og krigsministeren til Ludvig, Louvois prøvde å få samla saman ein enno større arme enn året før.[4] Desse åtaka mot Nice og Mons vart planlagde utførte i starten av felttogsesongen då Vauban meinte at det var særs fordelaktig å gå til åtak før fienden hadde kome i gang for sesongen.[5]

Samstundes heldt krigen i Irland fram inn i 1691, men Vilhelm følte seg nok sikker nok på trona på Dei britiske øyane til at han kunne vende attende til krigen på kontinentet. Vilhelm kom til Haag den 5. februar for å organisere armeen sin for det komande felttoget. Etter å ha samla styrkar på totalt 220 000 men, reiste statthaldarkongen heim att. I midten av mars, omgjeven av representantar for Storalliansen, fekk han meldingar om at Mons var kringsett.[6]

OmleiringaEndra

Louvois sette i gang dei store førebuingane for kringsetjinga gjennom heile den føregåande vinteren. Lagra vart fylte opp i Namur, Philippeville, Dinant og Givet, og ikkje mindre enn 21 000 arbeidarar vart samla for å byggje ein cirkumvallasjon kring byen.[7]

I lag med folk frå hoffet sitt reiste Ludvig til armeen sin i Dei spanske Nederlanda for å ta kontroll over armeane på staden, og nådde fram til fronten den 21. mars. Armeen til kongen talte 46 000 mann (leia av den store ingeniøren Vauban) medan garnisonen i byen hadde 4 800 men. Dei allierte samla ein arme på 38 000 under Vilhelm for å frigje byen, men observasjonsarmeen til Luxembourg, som òg var på 46 000 mann, nekta dei allierte å stoppe operasjonen.[8]

Marskalk Boufflers starta kringsetjinga den 15. mars og etter ti dagar vart grøftene opna. I eit av dei mest intense åtake i alle krigane til kong Ludvig, vart det nytta to batteri som kvar bestod av 12 bombekastarar som bombarderte byen før åtalet. Den 30. mars hadde franskmennene avfyrt 7 000 kanonkuler og 3 000 granatar.[9] Til slutt, kl. 17:00 den 8. april, overgav dei kringsette innbyggjarane seg og dei gjenverande mennene i garnisonen marsjerte ut to dagar seinare.[9]

EtterverknadEndra

 
Plan som syner bombardementet og kringsetjinga av Mons i 1691.

Kringsetjinga hadde starta og slutta før felttoget kom i gang som normalt. Ludvig vendte attende til Versailles den 12. april, medan Vilhelm etter å ha fordelt soldatane i forskjellige garnisonar, vendte attende til Haag.[9] Franskmennene førebudde seg no for resten av felttoget i 1691 med å skape fem store armear på fem store frontar: Flandern, Moselle, Rhinen, Piemonte og Roussillon. Den største av desse styrkane, 49 bataljonar og 140 skvadronar kommandert av Luxembourg, heldt til i Flandern,[9] men dei oppnådde lite etter kringsetjinga. Luxembourg øydela Halle mot slutten av mai, medan Boufflers bombarderte den nøytrale byen Liege tidleg i juni. Desse handlingane fekk derimot ikkje noko politiske følgjer.[10] Den personlege militære rådgjevaren til Ludvig og ein ekspert i krigføring, Marquis de Chamlay, meinte at desse sigrane burde følgjast opp med eit feltslag som kunne knuse den allierte armen og tvinge ein slutt på krigen. Louvois meinte at ein i staden burde bombardere Brussel, men både Luxembourg og Vauban var usamde i dette.[10]

Vilhelm reiste samstundes til Anderlecht den 2. juni og tok kommando over ein alliert arme på 63 bataljonar og 180 skvadronar, med totalt 56 000 mann.[9] Luxembourg klatre å manøvrere slik at at han hindra Vilhelm frå å kringsetje Dinant, men dei påfølgjande manøvrane fekk få resultat. Etter at Vilhelm forlet kommandoen over soldatane sine til prinsen av Waldeck, utsletta kavaleriet til Luxembourg delar av den allierte armeen ved Leuze den 19. september, før alle partar vendte attende til vinterkvartera sine.


KjelderEndra

  1. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s. 308. All statistics taken from Chandler.
  2. Lynn skriv 6 000
  3. Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685-1715, s. 44
  4. Wolf: Ludvig XIV, s. 562
  5. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s. 241
  6. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 216
  7. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s. 224
  8. Wolf: Louis XIV, s. 563
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 218
  10. 10,0 10,1 Wolf: Louis XIV, s. 564