Omleiringa av Pensacola i 1707
Omleiringa av Pensacola var to separate forsøk i 1707 av engelsk-støtta Creek-indianarar på å erobre byen og festninga Pensacola, den eine av to store busetjingar i Spansk Florida (den andre var St. Augustine). Åtaka var ein del av Dronning Anne-krigen (den nordamerikanske krigsskodeplassen i den spanske arvefølgjekrigen), og førte til at byen vart brend ned, og det meste av den indianske folkesetnaden flykta. Fortet stod derimot imot åtaka.
Omleiringa av Pensacola | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Dronning Anne-krigen | |||||||
Fort San Carlos de Austria, kart frå 1699 | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Spansk Florida | Engelske provinsen Carolina Creek | ||||||
Kommandantar | |||||||
Don Sebastián de Moscoso | ukjend; andre omleiringa kan ha vore leia av Thomas Nairne | ||||||
Styrkar | |||||||
første omleiring: ukjend, under 220 andre omleiring: kring 300 |
første omleiring: fleire hundre andre omleiring: kring 320 |
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec |
Den første omleiringa, i august 1707, førte til at byen vart øydelagd, men Fort San Carlos de Austria klarte å stå imot. Seint i november 1707 nådde eit nytt tokt fram, og prøvde seg tre netter på rad, før dei trekte seg attende. Pensacola-guvernør Don Sebastián de Moscoso, som hadde lite folk i garnisonen på grunn av sjukdom, henta inn dømde kriminelle til å hjelpe til med forsvaret av fortet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Siege of Pensacola (1707)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Arnade, Charles W (1962). «The English Invasion of Spanish Florida, 1700–1706». The Florida Historical Quarterly (Florida Historical Society) (Volume 41, No. 1, July): pp. 29–37. JSTOR 30139893.