Quebec-toktet eller Walker-toktet til Quebec var eit britisk forsøk på å angripe Québec i 1711 i Dronning Anne-krigen, den nordamerikanske delen av den spanske arvefølgjekrigen. Det mislukkast etter eit skipsforlis i Saint Lawrence-elva den 22. august 1711, då sju transportskip og eit lagerskip forliste og 850 soldatar drukna. Katastrofen var på denne tida ei av dei mest alvorlege sjøulukkene i britisk historie.

Dronning Anne-krigen
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec

Toktet var planlagt av administrasjonen til Robert Harley, og basert på planar som opphavleg var lagt fram i 1708. Harley ønskte å utføre toktet som ein del av ei større endring i britisk militærpoiltikk, der dei skulle legge vekt på styrken deira til sjøs. Kommandantane for toktet, admiral Hovenden Walker og brigadegeneral John Hill, vart valde ut frå den politiske ståstaden deira og sambanda deira til krona, og planane vart haldne hemmelege sjølv for admiralitetet. Trass i løyndomen klarte franske agentar å finne ut kva britiane planla og åtvare styresmaktene i Québec.

Toktet var venta å få alle forsyningar frå Boston, hovudstaden i provinsen Massachusetts Bay, men byen var ikkje førebudd då dei kom fram og styresmaktene måtte skrape saman forsyningar for tre månader. Admiral Walker hadde òg vanskar med å få tak i erfarne rormenn og nøyaktige sjøkart for å segle i farvatnet i nedre delen av Saint Lawrence. Toktet nådde Saint Lawrence-bukta utan vanskar, men tåke, vanskelege straumforhold og sterk vind gjorde at flåten dreiv mot nordsida av Saint Lawrence nær ein stad som i dag heiter Pointe-aux-Anglais, der skipa forliste. Etter katastrofen avbraut Walker toktet og reiste attende til England. Sjølv om toktet var mislukka, heldt Harley fram å realisere «blue water»-politikken sin.

Kjelder endre

49°38′14″N 67°10′17″W / 49.637137°N 67.171454°W / 49.637137; -67.171454