Raidet på Deerfield
Raidet på Deerfield skjedde under Dronning Anne-krigen den 29. februar 1704, då franske og indianske styrkar kommandert av Jean-Baptiste Hertel de Rouville gjekk til åtak på den engelske busetnaden i Deerfield i Massachusetts like før daggry, brende delar av byen og tok livet av 56 innbyggjarar.
Raid på Deerfield | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Dronning Anne-krigen | |||||||
Illustrasjon som syner raidet, publisert 1900 | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Engelske kolonistar | Franske kolonistar Abenaki Irokesarføderasjonen Wyandot Pocumtuc Pennacook | ||||||
Kommandantar | |||||||
Jonathan Wells | Jean-Baptiste Hertel de Rouville Wattanummon | ||||||
Styrkar | |||||||
20 militssoldatar[1] 70 bymilitssoldatar[2] |
240 indianarar 48 franskmenn | ||||||
Tap | |||||||
Raidet: 56 drepne 112 fanga[3][4] Turen tilbake: 20 fangar drepne eller døde[5] |
rapportar varierer; 10–40 drepne[6] |
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec |
Franskmennene som organiserte raidet tok med seg fleire forskjellige indianargrupper, mellom andre om lag 300 pocumtuc-indianarar som ein gong budde i Deerfield-området. Sidan det var så mange med i raidet, klarte dei ikkje å snike seg umerka mot byen, som var omgjeven av ein palisade. Forsvararane i nokre av dei forskansa husa i landsbyen klarte å halde fienden borte fram til ein fekk forsterkarar og dei trekte seg attende. Det vart teken meir enn 100 fangar, og om lag 40 % av husa i landsbyen vart øydelagde.
Raidet har vorte udødleggjort som ein del av den tidlegare amerikanske grensesoga, hovudsakleg på grunn av attforteljing frå ein av fangane, fader John Williams. Han og familien hans vart tvungen til å gjere den lange reisa over landet til Canada. Den yngste dottera hans Eunice vart adoptert av ein Mohawk-familie, og ho vart assimilert og gifta seg med ein mohawk-mann. Soga til Williams, The Redeemed Captive, vart publisert i 1707 og vart særs populær i koloniane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Raid on Deerfield» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Haefeli, Evan; Sweeney, Kevin (2003). Captors and Captives: The 1704 French and Indian Raid on Deerfield. Amherst, MA: University of Massachusetts Press. ISBN 9781558495036. OCLC 493973598.
- Melvoin, Richard (1989). New England Outpost: War and Society in Colonial Deerfield. New York: W. W. Norton. ISBN 9780393026009. OCLC 17260551.