Raidet på Grand Pré
Raidet på Grand Pré var den største hendinga under ein ekspedisjon leia av oberst Benjamin Church frå Ny-England mot franske Acadia i juni 1704 under Dronning Anne-krigen. Ekspedisjonen var eit hemntokt for det franske og indianske raidet mot grensesamfunnet Deerfield i Massachusetts tidlegare det året.
Raidet på Grand Pré | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Dronning Anne-krigen | |||||||
Oberst Benjamin Church, opphavet til det amerikanske army ranger[1] | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Mi'kmaq acadiar |
Engelske Ny-England-kolonistar | ||||||
Kommandantar | |||||||
ukjend | Benjamin Church | ||||||
Styrkar | |||||||
ukjend | 500 frivillige frå Ny-England og indianararkrigarar | ||||||
Tap | |||||||
om lag 6 drepne, ukjend skadde[2] 45 fanga |
6 drepne, ukjend skadde[2] |
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec |
Dei la ut frå Boston den 25. mai 1704 med 500 militssoldatar frå provinsen og nokre indianske allierte. Ekspedisjonen nådde Minas Basin den 24. juni, etter å ha raida nokre mindre busetnader i Penobscot Bay og Passamaquoddy Bay. Sjølv om han mista overraskingsmomentet på grunn av det høge tidvatnet i Bay of Fundy, fekk Church raskt kontroll over Grand Pré, og brukte tre dagar på å øydeleggje byen, samt prøve å øydeleggje dike som verna den oppdyrka jorda. Saltvatnet strøymde inn over jordbruksmarkene, men dei lokale acadiarane var raske med å reparere dika så snart fienden var borte, og landet kunne nyttast vidare til jordbruk. Church heldt fram ekspedisjonen sin og slo til mot Beaubassin og andre samfunn før han vendte attende til Boston seint i juli.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Raid on Grand Pré» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Grenier, John (2005). The First Way of War: American War Making on the Frontier, 1607–1814. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 9780521845663. OCLC 218373778.
- Griffiths, Naomi Elizabeth Saundaus (2005). From Migrant to Acadian: a North American Border People, 1604–1755. Montreal: McGill-Queen's University Press. ISBN 9780773526990. OCLC 180773040.