Raidet på Haverhill

Raidet på Haverhill var eit raid som fann stad den 29. august 1708 under Dronning Anne-krigen. Franske, Algonquin- og Abenaki-krigarar kommandert av Jean-Baptiste Hertel de Rouville gjekk mot Haverhill, då eit lite grensesamfunn i provinsen Massachusetts Bay. Med eit overraskande åtak vart 16 menneske drepne og 14 til 24 tekne til fange. Engelskmennene samla raskt saman ein milits som følgde etter og i ei småtrefning seinare på dagen vart ni franskmenn og indianarar drepne og somme av fangane deira rømde.

Raidet på Haverhill
Del av Dronning Anne-krigen

Detalj frå eit kart frå 1719 som syner den tilnærma (eller planlagde) ruta til dei franske og indianske styrkane. Haverhill er markert i raudt, og dei franske og indinaske rutene og møtepunkta er markerte i blått.
Dato 29. august 1708
Stad Haverhill i provinsen Massachusetts Bay
Resultat Suksessrikt raid
Partar
 Britiske kolonistar  Franske kolonistar
Algonquin
Montagnais
Kommandantar
Simon Wainwright 
Major Turner
Samuel Ayer 
Jean-Baptiste Hertel de Rouville
Escumbuit
Styrkar
70+ militssoldatar 250 indianarar og fransk-kanadiske militssoldtar
Tap
16 drepne, 14–24 militssoldatar og innbyggjarar tekne til fange 9 drepne
18 skadde
Dronning Anne-krigen
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec

Haverhill var ikkje opphavleg eit mål for ekspedisjonen til franskmennene. Dei venta ein større indiansk kontingent og franskmennene planla å utføre ei rekkje raid på samfunna langs Piscataqua River. Somme av indianarstammene ønskte ikkje å delta i ekspedisjonen og franskmennene måtte redusere omfanget av operasjonen og velje lettare mål. Raidet kosta franskmennene meir enn tidlegare grenseraid, som det i 1704Deerfield i Massachusetts sidan provinsen no var åtvara mot angriparane.

Kjelder endre

42°46′34″N 71°04′40″W / 42.77611°N 71.07778°W / 42.77611; -71.07778