On the Border
On the Border Studioalbum av Eagles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. mars 1974 | |
Innspelt | Record Plant Studios i Los Angeles Olympic Studios, London, 1973–74 | |
Sjanger | Rock,[1] hardrock[2] | |
Lengd | 40:29 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Bill Szymczyk, Glyn Johns | |
Eagles-kronologi | ||
---|---|---|
Desperado (1973) |
On the Border | One of These Nights (1975) |
Singlar frå On the Border | ||
|
On the Border er det tredje studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Eagles, utgjeve i 1974. Under innspelinga av albumet gjorde bandet fleire endringar. Bandet prøvde å lene seg meir i retninga mot hardrock, då dei følte at produsenten deira Glyn Johns la for stor vekt på den countryaktige rockestilen deira.[6] Etter å ha spelt inn berre to songar, «Best of My Love» og «You Never Cry Like a Lover», sa dei opp Johns, og flytta attende til Californai, der dei leigde inn Bill Szymczyk. Szymczyk føreslo å hente inn ein gitarist med ein skarpare lyd for å spele slidegitar på songen «Good Day in Hell». Dei tenkte raskt på den gamle venen til Bernie Leadon, Don Felder, som dei hadde møtt og spelt med fleire gonger. Bandet vart så imponert at dei inviterte med seg Felder i bandet.[7] Det einaste sporet på albumet som han er med på er «Already Gone».[2] Albumet nådde 17. plassen på albumlista og selde to millionar eksemplar. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, «Already Gone», «James Dean» og «Best Of My Love». Singlane nådde høvesvis 32. plassen, 77. plassen og førsteplassen på den amerikanske singellista. «Best of My Love» vart den første av fem listetoppar for bandet.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
Robert Christgau | B+[4] |
Rolling Stone | [5] |
Albumet var det første for Eagles som vart gjeven ut i kvadrofonisk kringlyd. Det vart gjeve ut på eit kvadrofonisk åttespors lydband. Det var skore inn ei løynd melding i inste sporet på vinylplata som sa: «He who hesitates is lunch».
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Already Gone» | Jack Tempchin, Robb Strandlund | Glenn Frey | 4:15 |
2. | «You Never Cry Like a Lover» | J.D. Souther, Don Henley | Randy Meisner | 4:00 |
3. | «Midnight Flyer» | Paul Craft | 3:55 | |
4. | «My Man» | Bernie Leadon) | Bernie Leadon | 3:29 |
5. | «On the Border» | Henley, Leadon, Glenn Frey | Don Henley | 4:23 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «James Dean» | Jackson Browne, Frey, Souther, Henley | Glenn Frey | 3:38 |
7. | «Ol' '55» | Tom Waits | Glenn Frey og Don Henley | 4:21 |
8. | «Is It True?» | Randy Meisner | Randy Meisner | 3:14 |
9. | «Good Day in Hell» | Henley, Frey | 4:25 | |
10. | «Best of My Love» | Henley, Frey, Souther | Don Henley | 4:34 |
Medverkande
endre- Glenn Frey - vokal, gitarar, slidegitar, piano
- Don Henley - vokal, trommer
- Bernie Leadon - vokal, gitarar, banjo, steelgitar
- Randy Meisner - vokal, bassgitar
- Don Felder - sologitar («Already Gone»), slidegitar («Good Day In Hell»)
- Al Perkins - pedalsteelgitar (på «Old 55»)
Lister
endreAlbum
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1974 | Pop Album | 17 |
1974 | UK Album Chart | 28 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1974 | "Already Gone" | Pop Singles | 32 |
1974 | "James Dean" | Pop Singles | 77 |
1975 | "Best Of My Love" | Pop Singles | 1 |
1975 | "Best Of My Love" | Adult Contemporary | 1 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «On the Border» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ William Ruhlmann (22. mars 1974). «On the Border - Eagles | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 5. september 2015.
- ↑ 2,0 2,1 http://www.allmusic.com/album/on-the-border-mw0000193647
- ↑ Ruhlmann, William. «On the Border». Allmusic. Henta 17. august 2015.
- ↑ Christgau, Robert. «The Eagles: On the Border». Robert Christgau.com. Henta 17. august 2015.
- ↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). Eagles. Simon and Schuster. Henta 17. august 2015.
- ↑ http://www.allmusic.com/artist/eagles-mn0000144847/biography
- ↑ Felder, Don; Holden, Wendy (2008). Heaven and Hell: My Life in the Eagles (1974–2001). Wiley & Sons. ISBN 978-0-4704-5042-0., 110-13.