Opna hovudmenyen

Ona fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei høgd i det vesle fiskeværet Ona i Sandøy kommune i Romsdal.

Ona fyrstasjon
Ona fyr.jpg
FylkeMøre og Romsdal
KommuneSandøy
FunksjonKystfyr
Oppretta1867
Koordinatar62°51.8060′N 6°32.6218′EKoordinatar: 62°51.8060′N 6°32.6218′E
Fyrtårn
Høgd14,7
FormLyktehus på underbygning
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterRundtlysande med blink kvart 30. sekund.
Lyshøgd40 moh
Lysvidde17,8 nm
Status
EigarStaten og private
Automatisert1971
Avfolka1971
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Ona fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Ona fyrstasjon

Fyret består av eit raudt støypejernstårn og er 14,7 meter høgt. Det opphavlege franske linseapparet er intakt. Stasjonen har òg eit bifyr. Ved fyret ligg bustad, uthus og tufter etter assistentbustad. Fyra er framleis eigd av Kystverket, medan resten av bygga på stasjonen er i privat eige. Fyrstasjonen har fulglelivsfreding etter lov om naturvern, medan sjølve fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

KlimaEndra

Meteorologisk Institutt har hatt vêrstasjon her sidan januar 1868, men stasjonen har vorte flytta to gonger, først i mai 1963 og sist i september 1978. Den noverande stasjonen ligg 13 meter over havet og har synopnummer 01212.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 2,6 2,5 3,2 4,5 7,8 10,3 12,1 12,9 10,9 8,8 5,4 3,6 7,1
Nedbør (mm) 118 97 102 78 59 68 84 113 176 180 160 155 1390

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra