One Year of Love
Singel av Queen
frå albumet A Kind of Magic
B-side

«Gimme the Prize (Kurgan's Theme)»

Språk engelsk
Utgjeve 4. juni 1986
Innspelt 1986
Sjanger Soul[1]
Lengd 4:26
Selskap EMI, Capitol
Komponist John Deacon
Tekstforfattar John Deacon
Låtskrivar(ar) John Deacon
Produsent Queen og David Richards
Queen-kronologi 
«Princes of the Universe»
(1986)
One Year of Love «Friends Will Be Friends»
(1986)


One Year of Love er ein song av det britiske rockebandet Queen som opphavleg vart gjeven ut på det 12. studioalbumet deira A Kind of Magic i 1986.

Bakgrunn og komposisjon endre

Songen vart skriven av John Deacon og sungen av Freddie Mercury for filmen Highlander. På albumversjonen spelar John Deacon ein Yamaha DX-7 synth og strykeorkesteret vart dirigert av Lynton Naiff. Saksofonen vert framført av Steve Gregory, ein studiomusikar som tidlegare hadde spelt på George Michael sin «Careless Whisper» frå 1984.

Deacon valde å byte ut gitarpartia med ein saksofonsolo etter ein diskusjon med Brian May, som ikkje deltar på songen.

Utgjeving endre

Songen vart berre gjeven ut på singel i Frankrike og Spania og vert nytta i ein barscene i Highlander. Singelen gjekk berre inn på den franske singellista. B-sida til singelen var «Gimme the Prize (Kurgan's Theme)».[2] I 1992 vart songen gjeven ut på ein promosingel i USA.

Bandet spelte aldri songen på konsertar.

Andre versjonar endre

Songen vart spelt av Elaine Paige på albumet hennar The Queen Album i 1988 og av den nederlandske songaren Stevie Ann i 2006.

Lister endre

Land (1986) Plassering
Frankrike 56

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «One Year Of Love». Queen Songs. Henta 6. september 2015. 
  2. «One Year of Love - Queen : Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Henta 24. juli 2016.