Opna hovudmenyen
Friends Will Be Friends
Singel av Queen
frå albumet A Kind of Magic
B-side «Friends Will Be Friends (Extended Version)»/«Gimme The Prize (Kurgan's Theme)»
Utgjeve 9. juni 1986
Innspelt 1985 – 1986
Sjanger Rock
Lengd 4:07 (album)

5:58 (CD-bonusspor: «Friends Will Be Friends Will Be Friends») 6:15 (12" extended version) 4:14 (video)

Selskap EMI, Capitol
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury

John Deacon

Produsent Queen

Reinhold Mack

Queen-kronologi
«One Year of Love»
(1986)
Friends Will Be Friends «Pain Is So Close to Pleasure»
(1986)


«Friends Will Be Friends» er ein song framført av Queen og skriven av Freddie Mercury og John Deacon, frå albumet A Kind of Magic i 1986. Han var den 30. singelen som vart gjeven ut i Storbritannia då han kom den 9. juni 1986. Singelen nådde 14. plassen i Storbritannia.

«Friends Will Be Friends» vart framført på konsertane under The Magic-turneen. Songen var den første og einaste som vart sungen på slutten av konsertane mellom «We Will Rock You» og «We Are the Champions» sidan News of the World-turneen i 1977.[1]

Songen finst på fleire samlealbum av Queen, som Greatest Hits II, Greatest Flix II og Greatest Video Hits II.

Musikalsk arrangementEndra

Songen er spelt inn i G-dur, og er dominert av den melodiske gitaren til Brian May. Ein variasjon av dette finst på konsertalbumet Live At Wembley '86, der songen vert spelt i F-dur. Songen skil seg frå mange andre Queen-singlar ved at han ikkje har eit mellomspel eller gitarsolo.

MusikkvideoEndra

Videoen vart regissert av DoRo og filma JVC Studios i Wembley i mai 1986 der bandet spelar føre fansen. Frontmannen Freddie Mercury tar ein high five med publikum og mot slutten av videoen forsvinn musikken medan publikum fortset å syngje.

MedverkandeEndra

ListerEndra

Liste (1986) Plassering
Nederland[2] 16
Den tyske singellista[3] 20
Irish Singles Chart[4] 4
New Zealand[5] 50
Den sveitsiske singellista[6] 19
UK Singles Chart[7] 14

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra