Oolitt (frå gresk for ‘egg’ og -litt) er ein bergart danna av små kuleforma lekamar med konsentrisk oppbygging. Dei er blitt danna ved kjemisk utfelling om ein kjerne, som eit mineralkorn eller eit skalfragment. Omgrepet blir òg brukt om kvar av dei kuleforma delane av bergarten ('ooidane'). Etter kornstorleiken kan ein kalla oolittiske bergartar rognstein, ertestein og så bortetter.

Moderne ooidar frå ei strand i Joulter's Cay på Bahamas.
Ooidar på overflata av ein kalkstein. Frå Carmel-formasjonen sør i Utah.

Den vanlegaste forma er kalkoolittaer. Desse utgjer oolittiske kalksteinar eller oolittkalk, og finst til dømes i dei yngste ordoviciske laga i Oslofeltete/Asker. Jernoolittar består av jernhydroksid (oftast goethitt) og kan danna lag som har tyding som jernmalm, såkalla minette eller bønnemalm (tysk Bohnerz).

KjelderEndra

  • Oolitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 17. desember 2013.