Orchis anthropophora
Orchis anthropophora | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Orchis | ||
Art: | O. anthropophora | ||
Vitskapleg namn | |||
Orchis anthropophora
(Linné) All.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik grasmark | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia, nordvestlege Afrika |
Orchis anthropophora er ei plante i vårmarihandslekta Orchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg. Han var tidlegare rekna til ei eiga slekt Aceras med namnet Aceras anthropophorum.[1]
Utbreiing
endreArten finst i Europa sør for Danmark, heilt vest i Asia og nordvest i Afrika.[2]
O. anthropophora (engelsk namn man orchid) veks heilt søraust i Storbritannia, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[3] I den britiske raudlista har arten status som sterkt truga (EN),[4] det same som lokalt i England.[5]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn poppenorchis, fransk namn orchis homme-pendu) i Nederland i sanddyner på kysten og i Limburg. I Belgia er han sjeldan i Flandern og er truleg gått ut på kysten. Han er litt vanlegare i Vallonia.[6][7] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[8] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[9][10] I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).[11]
Hybridar
endreI England er det registrert at Orchis anthropophora har danna hybridar med Orchis simia (Orchis anthropophora × simia, òg kalla Orchis ×bergonii)[12] og med purpurnøklar (Orchis anthropophora × purpurea, òg kalla Orchis ×macra).[13] Båe er påviste i Kent.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «PoWO: Orchis anthropophora». Plants of the World Online. Henta 11. mars 2022.
- ↑ «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Orchis anthropophora». FLORON. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Poppenorchis – Orchis anthropophora». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Orchis × bergonii». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «PoWO: Orchis × macra». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Orchis anthropophora i Encyclopedia of Life
- (en) Orchis anthropophora i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Orchis anthropophora hos NCBI
- (en) Orchis anthropophora hos The International Plant Names Index
- (en) Orchis anthropophora hos Tropicos
- (en) Kategori:Orchis anthropophora – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Orchis anthropophora – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Orchis anthropophora – detaljert informasjon på Wikispecies