Purpurnøklar
Purpurnøklar | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Orchis | ||
Art: | O. purpurea | ||
Vitskapleg namn | |||
Orchis purpurea
Huds.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia |
Purpurnøklar (Orchis purpurea) er ei plante i vårmarihandslekta Orchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Ho veks ikkje i Noreg.
Utbreiing
endreI Danmark finst arten (dansk namn stor gøgeurt) først og fremst på Møn og kring Lillebælt. Han er rekna som nær truga (NT).[3]
Purpurnøklar (engelsk namn lady orchid) veks søraust i Storbritannia. I den britiske raudlista har arten status som sterkt truga (EN),[4] lokalt i England sårbar (VU).[5]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn purperorchis, fransk namn orchis pourpre) i Nederland berre i Limburg. I Belgia veks han spreidd og er svært sjeldan i Flandern, litt vanlegare i Vallonia.[6][7] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[8] I Belgia er han rekna som sterkt truga både i Flandern (EN, bedreigd) og i Vallonia (EN, en danger).[9][10] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[11]
Hybridar
endreI England er det påvist at purpurnøklar kan danne hybridar med vårmarihand (Orchis mascula × purpurea) og med Orchis anthropophora (Orchis anthropophora × purpurea, òg kalla Orchis ×macra),[12] båe registrerte i Kent. Det har òg vore rapportert om hybridar med Orchis simia (Orchis purpurea × simia eller Orchis ×angusticruris)[13] og johannesnøklar (Orchis militaris × purpurea eller Orchis ×hybrida).[14][15] Den siste er truleg den vanlegaste hybriden i Benelux, men i Nederland berre i Limburg. I mange tilfelle kryssar han seg tilbake med opphavsartane.[16]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar purpurnøklar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre purpurnøklar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Naturbasen: Stor Gøgeurt Orchis purpurea». Naturbasen. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Orchis purpurea». FLORON. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Purperorchis – Orchis purpurea». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Orchis × macra». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «PoWO: Orchis × angusticruris». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «PoWO: Orchis × hybrida». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Orchis × hybrida». FLORON. Henta 22. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) purpurnøklar hos Artsdatabanken
- (en) purpurnøklar i Encyclopedia of Life
- (en) purpurnøklar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) purpurnøklar hos Dyntaxa
- (en) purpurnøklar hos NCBI
- (en) purpurnøklar hos The International Plant Names Index
- (en) purpurnøklar hos Tropicos
- (en) Kategori:Orchis purpurea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Orchis purpurea – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Orchis purpurea – detaljert informasjon på Wikispecies