Orchis simia
Orchis simia | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Orchis | ||
Art: | O. simia | ||
Vitskapleg namn | |||
Orchis simia
Lam.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik grasmark | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia, nordvestlege Afrika |
Orchis simia er ei plante i vårmarihandslekta Orchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.
Utbreiing
endreArten finst i Europa sør for Danmark, heilt vest i Asia og nordvest i Afrika.[1]
Orchis simia (engelsk namn monkey orchid) veks heilt søraust i Storbritannia, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[2] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[3] det same som lokalt i England.[4]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn aapjesorchis, fransk namn orchis singe) i Nederland mest i sanddyner på kysten og i Limburg. I Belgia er han svært sjeldan og kan være utgått i Flandern, og han er svært sjeldan i Vallonia.[5][6] I den nederlandske raudlista er arten rekna som nær truga (NT, gevoelig).[7] I Belgia er han rekna som kritisk truga både i Flandern (CR, ernstig bedreigd) og i Vallonia (CR, menacé d'extinction).[8][9] I Luxembourg er han rekna som regionalt utdøydd (RE).[10]
Hybridar
endreI England har Orchis simia danna hybridar med johannesnøklar (Orchis militaris × simia, òg kalla Orchis ×beyrichii).[11] Hybriden har vore påvist i Oxfordshire, men foreldreartane finst ikkje lenger i same område. Det har òg vore registrert hybridar med Orchis anthropophora (Orchis anthropophora × simia, òg kalla Orchis ×bergonii)[12] i Kent, og det er rapportert om hybridar med purpurnøklar (Orchis purpurea × simia eller Orchis ×angusticruris).[13][14]
Referansar
endre- ↑ «PoWO: Orchis simia». Plants of the World Online. Henta 11. mars 2022.
- ↑ «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Orchis simia». FLORON. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Aapjesorchis – Orchis simia». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Orchis × beyrichii». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «PoWO: Orchis × bergonii». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «PoWO: Orchis × angusticruris». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Orchis simia i Encyclopedia of Life
- (en) Orchis simia i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Orchis simia hos NCBI
- (en) Orchis simia hos The International Plant Names Index
- (en) Kategori:Orchis simia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Orchis simia – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Orchis simia – detaljert informasjon på Wikispecies