Vårmarihand

planteart
(Omdirigert frå Orchis mascula)
Vårmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Orchis
Art: O. mascula
Vitskapleg namn
Orchis mascula
Økologi
Habitat: kalkrik grasmark
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika

Vårmarihand (Orchis mascula) er ei plante i vårmarihandslekta Orchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Utsjånad

endre

Vårmarihand kan bli kring 30 centimeter høg og har eit aks med purpurraude blomar, som har ei stor tredelt leppe med store «venger». Den indre delen av leppa er gjerne lys, ofte nesten kvit. Arten blømer i mai og er ein av våre tidlegaste orkidear.

Systematikk

endre

I Baltikum er det omtalt ein underart ved sidan av nominatunderarten (ssp. mascula):

Utbreiing

endre

Vårmarihand toler meir tørke enn dei fleste orkideer, men treng kalkrik jord. I Noreg veks han i hovudsak i kystnære område nord til Troms.[5] Vårmarihand er i raudlistevurderinga (2021) rekna som livskraftig (LC).[6]

Arten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «Sankt Pers nycklar»),[7] i Danmark (LC) (dansk namn: «tyndakset gøgeurt»),[8] i Finland (NT) (finsk namn: «miehenkämmekkä»)[9] og på Færøyane (CR) (færøysk namn: «kalmansbørkubóndi»).[10]

Vårmarihand (engelsk namn: «early purple orchid») er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[11][12] på same måte som lokalt i England og Wales,[13][14] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[15]

I Estland (estisk namn jumalakäpp) veks vårmarihand mest på øyane og vest på fastlandet. Han er rekna som nær truga (NT).[16] I Latvia (latvisk namn vīru dzegužpuķe)[4] veks arten spreidd på fukteng og er klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[17] I Litauen (litauisk namn vyriškoji gegužraibė) veks arten spreidd, mest i nordvest. Han er rekna som sårbar (VU).[18][19]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn mannetjesorchis, fransk namn orchis mâle) vilt i Nederland berre i Limburg. I Belgia er han svært sjeldan i Flandern, noko vanlegare i Vallonia.[20][21] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[22] I Belgia er han rekna som sterkt truga (EN, bedreigd) i Flandern og nær truga (NT, espèce quasi menacée) i Vallonia.[23][24] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[25]

Hybridar

endre

Hybriden mellom vårmarihand og alpenøklar (Orchis mascula × spitzelii eller Orchis ×petterssonii)[26] er lista opp i svenske Artfakta, men det er uvisst om hybriden verkeleg er observert.[27] I England er det påvist at vårmarihand kan danne hybridar med purpurnøklar (Orchis mascula × purpurea), registrert i Kent.[28]

Vårmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med narrmarihand (Anacamptis morio × Orchis mascula eller ×Anacamptorchis moriorides).[29] Hybriden er observert sporadisk i England og Wales,[28] medan det er uvisst om ei registrering i Småland i Sverige er reell.[30]

Kommuneblome

endre

Det er framlegg om at vårmarihand skal vere kommuneblome for Austevoll kommune.[31]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar vårmarihand». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre vårmarihand». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  3. «eElurikkus: Orchis mascula ssp. speciosa» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Latvijas daba: vīru dzegužpuķe» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023. 
  5. «Artskart: Vårmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  6. «Raudlista: Vårmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 28. februar 2022. 
  7. «Artfakta: Orchis mascula Sankt Pers nycklar». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  8. «Naturbasen: Tyndakset Gøgeurt Orchis mascula». Naturbasen. Henta 5. mars 2022. 
  9. «LAJI: Orchis mascula». LAJI.FI. Henta 5. mars 2022. 
  10. Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn. 
  11. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  13. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  15. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  16. «eElurikkus: Orchis mascula» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  17. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023. 
  18. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 56-57. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  19. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 416. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 5. februar 2023. 
  20. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Orchis mascula». FLORON. Henta 22. januar 2024. 
  21. «Verspreidingskaart: Mannetjesorchis – Orchis mascula». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024. 
  22. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  23. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  25. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  26. «PoWO: Orchis × petterssonii». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  27. «Artfakta: Orchis mascula × spitzelii Sankt Pers nycklar × alpnycklar». Artdatabanken. Henta 25. januar 2023. 
  28. 28,0 28,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  29. «PoWO: × Anacamptorchis morioides». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  30. «Artfakta: Anacamptis morio × Orchis mascula göknycklar × Sankt Pers nycklar». Artdatabanken. Henta 25. januar 2023. 
  31. «Kommuneblomster». Norsk Botanisk Forening. Henta 28. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre