Organisk materiale

Organisk materiale eller organisk stoff er ei samlenemning for materiale som stammar frå levande organismar eller materiale som inneheld karbon.[1] Døde plantar, dyr og menneske og avfallsstoff frå levande dyr og menneske er næring for mikroorganismar som bryt ned det organiske materialet og saman med mineral dannar næring til nye levande organismar. Ein kan dermed kalla det organiske materialet brennstoffet i eit økosystem.[2]

Bille på daudt plantemateriale.

Organisk materiale finst både på landjorda, i havet og på havbotnen.

Under særlege tilhøve (frost, syre i jorda, oksygenmangel eller tørke) kan nedbrytinga ikkje halda tritt med opptaket frå nye levande organismar, og det blir ei oppsamling av organisk material som stadig blir tjukkare. På denne måten oppstår til dømes torv og myr. Lagra organisk materiale og organisk materiale under nedbryting på jordoverflata blir kalla humus.

Oppsamla organisk materiale kan omdannast til kol, petroleum og svartskifer.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Lauritzen, Stein-Erik; Linge, Henriette (5. desember 2019). «organisk materiale». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «organisk stof | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 26. august 2020