Orlando Ortega Alejo (fødd 29. juli 1991) er ein kubansk-spansk friidrettsutøvar som tevlar i 110 meter hekk. Han vann sølvmedaljen i øving ved Sommar-OL 2016 og bronsen ved europameisterskapen 2018, i 2019-VM vart han tildelt ein bronsemedalje etter å ha vorte hindra i finaleløpet.

Orlando Ortega


Statsborgarskap Cuba, Spania
Fødd 29. juli 1991 (32 år)
Artemisa
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – 110 meter hekk herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 110 meter hekk menn

Aktiv endre

Framom dei olympiske sommarleikane i London trente han i lag med Dayron Robles. På vårparten 2012 forbetra Ortega den personlege rekorden til 13,09 sekund. Under leikane i London enda han på sjetteplassen i finalen på 110 meter hekk.

Etter å ha delteke i Friidretts-VM 2013 i Moskva braut Ortega med Cuba og søkte statsborgarskap i Spania. 4. juli 2015 presterte han livsbeste og sette spansk rekord med 12,94 sekund då han vann 110 meter hekk under eit DL-stemne i Paris, den regjerande verdsmeisteren, David Oliver frå USA, vart nummer 2 på tida 12,98.

Etter ein del att-og-fram fekk Ortega løyve til delta i Sommar-OL 2016. Frå leikane i Rio de Janeiro reiste han med ein sølvmedalje, berre Omar McLeod frå Jamaica sprang fortare. To år seinare vann Ortega bronsemedalje ved EM i Berlin, langt bak dei to som gjorde opp om gullmedaljen. Også under verdsmeisterskapen 2019 tok Ortega seg til finalen på korthekken. I finalen fór han over målstreken som femtemann, undervegs låg han på andreplass til han vart forstyrra og hindra av Omar McLeod. McLeod vart diskvalifisert, og, etter klage frå det spanske friidrettsforbundet, fekk Ortega tildelt ein bronsemedalje, trass i at han fekk fjerde beste tid.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre