Orlovopprøret

(Omdirigert frå Orlov-opprøret)


Orlovopprøret (gresk Ορλωφικά, Ορλοφικά, Ορλώφεια) var eit gresk opprør på Peloponnes og seinare òg på Kreta som braut ut i februar 1770 etter at ein russisk flåtestyrke under kommando av admiral Aleksej Orlov kom til Manihalvøya under Den russisk-tyrkiske krigen (1768-1774). Oppstanden var ein forløpar for Den greske sjølvstendekrigen (som braut ut i 1821), og var ein del av den såkalla greske planen til Katarina den store. Oppstanden fann stad under den russisk-tyrkiske krigen (1768-1774), og blei endeleg nedkjempa av osmanarane.

Orlovopprøret

Dato februar 1770–17. juni 1771
Stad Peloponnes og Kreta
Resultat Osmansk militær siger
Küçük Kaynarca-traktaten
Partar
Grekarar
Støtte:
Flagget til Russland Tsar-Russland
Flagget til {{{alias}}} Det osmanske riket

Bakgrunn endre

Sidan Beograd-traktaten i 1739 hadde Det osmanske riket opplevd den lengste perioden der det ikkje hadde vore i militærkonflikt med dei europeiske rivalane sine.[1] Europa hadde sjølv teke del i ei rekke blodige og dyre konfliktar, og osmanarane hadde konsentrert seg om økonomi og politikk i eit forsøk på at byggja opp att osmansk samfunn og administrasjon.[1] Dei tre tiåra med fred enda den 23. oktober 1768, då riket erklærte krig mot Russland.[1] Årsaka til krigsutbrotet var den aggressive utanrikspolitikken til Russland, presset det la på Krim-khanatet (ein osmansk vasallstat) og borgarkrigen i Polen-Litauen.[1] Det fann stad ei rekkje mindre trefningar mellom russarane og osmanarane i perioden 1768-69, medan begge partane gjorde seg klare til ein langvarig konflikt.[2]

I mellomtida førebudde greske opprørarar seg. Katharina den store hadde ein plan om å skipa ein pro-russisk gresk stat og å gjenetablera Konstantinopel som sentrum frå den ortodokse kyrkja, og hadde sendt utsendingar til den greske halvøya Mani på midten av 1760-talet for å danna ein allianse med dei greske opprørsleiarane. Samstundes hadde fleire leiande greske opprørarar sjølv kontakta russane for å få hjelp til å gjera opprør mot osmanarane, som herska over Hellas.[3][4] Ei rekkje greske opprørsleiarar lova russane støtte i krigen mot osmanarane mot å til gjengjeld sjølv få russisk militær større og materiell.[5][6] Russland planla å byrja eit ortodoks-kristent opprør, og sende agentar til Bosnia, Herzegovina, Montenegro, Albania, Kreta og Morea.[7] Russland sende krigsskip frå den russiske flåten frå Austersjøen til Egearhavet, noko som overrumpla osmanarane.[7] Den første grupp skip kom fram i desember 1769; men grekarane var skuffa over at russarane ikkje hadde sendt ein større styrke.[2] Dei byrja likevel opprøret.[4]

Forløp endre

Då den russiske flåten kom fram til Manihalvøya og Kalamata i februar 1770, samla fleire væpna greske opprørsgrupper seg. Dei lykkast likevel ikkje i å samla større grupper som følgje av skuffinga over den avgrensa russiske ekspedisjonsstyrken. Grekarane hadde forventa ein langt større styrke frå Russland, og det utvikla seg gjensidig mistillit mellom grekarane og russane.[8] Det blei likevel, med russisk hjelp, samla ein opprørshær på 1400 mann, som i løpet av nokre dagar blei forsterka med opprørarar frå Kreta.[9]

Den greske oppstanden hadde suksess i byrjinga, og klarte å sigra over osmanske styrkar ved ei rekkje trefningar. Opprøret spreidde seg likevel ikkje til større delar av Hellas, og osmanarane heldt på kontrollen over ei rekkje festningar.[10] Opprørarane klarte å innta festninga i Mystras, der dei etablerte ei gresk regjering.

 
Slaget ved Çeşme, måleri av Ivan Aivazovskij (1848)

På Kreta var opprøret leia af Daskalogiannis. Innbyggjarane nekta å betala osmanske skattar, og mange slutta seg til opprøret på øya.[11] Den lova russiske støtta til opprøret kom ikkje, men Daskalogiannis lukkast i å samla ein opprørshær på 2000. Opprørshæren danna mindre kommandogrupper som drap fleire muslimar på øya i håp om å få fleire grekarar til å slutta seg til opprøret.[12] Opprøret på Kreta blei likevel raskt nedkjempa av ein langt større osmansk styrke.[11] I april klarte opprørarane å ta festningen i Pýlos (Navarino), men lagnaden til opprører var allereie skriven, og den russiske flåten forlet området i juni.[13]

Så snart nyheita om den russisk-støtta greske oppstanden nådde Konstantinopel, braut det ut anti-greske pogromar i fleire osmanske byar, som i Smyrna (Izmir).[14]

Den russiske flåten vann ein stor siger over den osmanske under slaget ved Çeşme, men sjøslaget hadde inga tyding for grekarane i Morea. Utan den venta russiske støtta blei opprøret raskt nedkjempa. Greske forsterkningar frå områda i Makedonia Thessalia møtte motstand frå osmanske troppar på veg sørover mot Morea, og var ute av stand til å støtta opprørarane.[15] Det gresk-russiske opprøret i Tripoli blei også nedkjempa.[16]

Etterspel endre

Osmanarane hadde nytta muslimske albanske leigetroppar til å nedkjempa opprøret. Albanarane blei verane på Peloponnes i fleire år etter at opprøret var nedkjempa, og utførte gjentekne åtak på sivilbefolkninga i denne perioden som hemn for dei kristne opprørarane sine massakrar på muslimar i dei tidlege fasane av opprøret.[17] Dei albanske leigesoldatane, som av lokalbefolkninga blei kalla «tyrk-albanarar», øydela fleire byar i Epeiros i 1769–70,[18] og Pátras var det ganske få greske overlevande etter den tyrkisk-albanske invasjonen.[19] Mystras på Peloponnes blei lagt i ruinar og biskopen i byen avretta sjølv om han hadde redda mange muslimske liv under opprøret. Mange sivile grekarar blei drepne og barna selde som slavar.

Dei osmanske styresmaktene kunne ikkje betala dei albanske leigesoldatane, og albanarane plyndra derfor dei greske områda i staden.[20] Ved enden på den russiske-tyrkiske krigen i 1774 med Küçük Kaynarca-traktaten blei det gjeve amnesti til den greske befolkninga, men åtaka frå albanarane i områda heldt likevel fram. Albanarane gjekk òg til åtak på tyrkarar i dei greske områda.[21] Dei omfattande øydeliggingane på Peloponnes fekk i 1779 dei osmanske styresmaktene til å senda ein regulær tyrkisk hær til området for å nedkjempa albanarane og få dei ut av Peloponnes.[4]

Frå eit russisk synspunkt hadde opprøret vore ein suksess. Russarane hadde tilføydd den osmanske flåten eit stort nederlag, og kampane hadde tvinga osmanske troppar mot sør. Dette hadde medverka til den russiske sigeren i krigen, som enda med ein fordelaktig fredsavtale for Russland.

Frå eit gresk synspunkt fekk opprøret vesentlege konsekvensar. På den eine sida var mange greske liv gått tapt, både i kamp og i dei etterfølgjande massakrane. På den andre sida gav Küçük Kaynarca-fredsaftalen grekarane fleire fordelar. Greske skip fekk høve til å segla under russisk flagg, og fekk tilgang til Svartehavet og Middelhavet. Russland fekk lov til å intervenera i høve i Det osmanske riket for å kunne verna om den ortodokse befolkninga der, og til å oppføra ein ortodoks katedral i Konstantinopel. Russland fekk òg rett til å utnemna konsular i Det osmanske riket. Dei fleste dei utpeika var grekarar, og fredstraktaten fekk såleis stor tyding i den greske verda.[22]

Det greske sambandet med Russland blei styrka, og fleire grekarar fekk framståande posisjonar i administrasjonen til Det russiske tsar-riket. Etter opprøret flykta fleire tusen grekarar til Russland, der fleire slo seg ned på Krimhalvøya og på kystane omkring Azovhavet. Byar som Mariupol og Taganrog blei vesentlege handelssenter dominerte av osmansk-greske immigrantar.[23][24]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gallant 2015, s. 18.
  2. 2,0 2,1 Gallant 2015, s. 19.
  3. Smilyanskaya, Elena (2014). «Russian Warriors in the Land of Miltiades and Themistocles: The Colonial Ambitions of Catherine the Great in the Mediterranean». SSRN Electronic Journal (Social Science Research Network): 4. SSRN 2436332. doi:10.2139/ssrn.2436332. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Jelavich 1983, s. 78.
  5. Jelavich 1983.
  6. Smilyanskaya, Elena (2014). «Russian Warriors in the Land of Miltiades and Themistocles: The Colonial Ambitions of Catherine the Great in the Mediterranean». Social Science Research Network: 4. SSRN 2436332. doi:10.2139/ssrn.2436332. 
  7. 7,0 7,1 Gallant 2015.
  8. Roessel 2001.
  9. Gallant 2015, s. 21.
  10. Pappas 1982.
  11. 11,0 11,1 Pappas 1982, s. 76.
  12. Greene, Molly (11. mars 2002). A shared world: Christians and Muslims in the early modern Mediterranean. Princeton University Press. s. 206. ISBN 9781400844494. 
  13. Clodfelter, Micheal (2017). Warfare and Armed Conflicts: A Statistical Encyclopedia of Casualty and Other Figures, 1492-2015, 4th ed. (på engelsk). McFarland. s. 93. ISBN 9780786474707. 
  14. Weithmann, Michael Wilhelm (1994). Griechenland: vom Frühmittelalter bis zur Gegenwart. F. Pustet. s. 137. ISBN 9783791714257. «Als in Istanbul bekannt wurde, daß auf russischer Seite zahlreiche griechische Mannschaften und Offiziere kämpften, kam es in Smyrna (Izmir) und anderen Städten des Reiches zu ersten antigriechischen Pogromen.» 
  15. Dankin 1973, s. 26.
  16. Gallant, 2015 & Jelavich 1983, s. 78.
  17. Stavrianos 2000, s. 189.
  18. Ioannis Kaphetzopoulos; Charalambos Flokas; Angeliki Dima-Dimitriou (2000). The struggle for Northern Epirus. Hellenic Army General Staff, Army History Directorate. s. 12, 32. ISBN 978-960-7897-40-4. 
  19. Constantine David (2011). In the Footsteps of the Gods: Travellers to Greece and the Quest for the Hellenic Ideal. Tauris Parke Paperbacks. s. 169. ISBN 9780857719478. «...when the Turks and Albanians reasserted themselves they were merciless; recapturing Patras, they left scarcely anyone alive.» 
  20. Steven Runciman (2009). Lost Capital of Byzantium: The History of Mistra and the Peloponnese. Tauris Parke Paperbacks. s. 119. ISBN 9780857718105. 
  21. Kaligas Haris (2009). Monemvasia: A Byzantine City State. Tauris Parke Paperbacks. s. 92. ISBN 9781134536030. 
  22. Gallant 2015, s. 11–13.
  23. Gallant 2015, s. 14–23.
  24. Hölderlin, Freidrich; trans. Willard R. Trask (1965). Hyperion. New York: Frederick Ungar Publishing Co. s. 106. 

Litteratur endre