Oskar Emil Schiøtz

Oskar Emil Schiøtz (3. oktober 184624. februar 1925) var ein norsk professor i fysikk som òg forska på kjemi og geologi.

Oskar Emil Schiøtz

Fødd3. oktober 1846
Død24. februar 1925
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, geolog, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnAxel Balthasar Schiøtz
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Etter examen artium 1864, tok han reallærereksamen med laudibilis præ ceteris i 1871 ved Det Kongelege Frederiks Universitet. Med stipendium gjorde han somrane 1870–71 geologiske undersøkingar i Østerdalen (saman med dr.med. Hagen) og i 1872 fjella ved Meråker, på oppdrag av Noregs geologiske undersøking. Vidare studerte han fysikk og matematikk i to år frå 1872 med nytt stipendium hos blant andre Hermann von Helmholtz i Berlin og Gustav Kirchhoff i Heidelberg. Han returnerte til Kristiania hausten 1874 og vart tilsett som lektor, men vart 27. november den yngste professoren i landet, 29 år gammal.[1] Her jobba han mellom anna saman med unge og lovande Vilhelm Bjerknes og Kristian Birkeland. I tida 1881–88 leia han temperaturmålingane i Mjøsa, samstundes med at han fortsette sine sommarlege geologiske undersøkingar av fjella i aust.[2] Han sat som professor til han vart 76 år, og professoratet vart i 1922 overtatt av Sem Sæland.[3]

Elles sat han i Kommissionen for mål og vægt (1889), Norske gradmålingskommissionen 1891, leia elektricitetskommissionen frå 1897 og patentkommissionen frå 1898. Han skreiv lærebok i fysikk og fleire avhandlingar og vart i 1878 innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi og det svenske Geologiselskapet. I 1894 mottok han St. Olavs Orden. I 1905 var han med på skipinga av Norsk geologisk forening, og i 1909 var han med i det første styret for Fysisk Selskap der han òg var formann i 1909, 1912 og 1916. Selskapet eksisterte 1909–25 og vart etterfølgd av Fysikkforeningen i 1938 og Norsk Fysisk Selskap i 1953.[3]

Han var bror til oftalmologen Hjalmar August Schiøtz (1850–1927), som han òg studerte og jobba saman med i forsking, mellom anna i utviklinga av tonometeret (1905). Foreldre deira var bankkasserar Søren Gabriel Schiøtz (1804–56) og Marie Dorothea Christiane Lange (1807–52).[4] Han var onkel til historikaren Johannes Henrik Schiøtz (1884–1957).

Utgjevingar endre

Kjelder endre