Kristian Birkeland

norsk professor og fysikar

Kristian Birkeland (13. desember 186715. juni 1917) var ein norsk fysikar frå Oslo som nådde heilt opp i nobelpris-klassen. Det fulle namnet hans var Kristian Olaf Bernhard Birkeland.

Kristian Olaf Bernhard Birkeland

Kristian Birkeland, 1900
FøddKristian Olaf Bernhard Birkeland
13. desember 1867
Christiania
Død15. juni 1917 (49 år)
Tokyo i Japan
BustadNoreg
StatsborgarskapNorsk
NasjonalitetNoreg
OmrådeFysikk
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Kjend forBirkeland-straum
Birkeland-Eyde-prosess
Forsking på polarlys
Elektromagnetisk kanon
EktefelleIda Charlotte Hammer
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Birkeland og Nordlys- eksperiment

Den 6. oktober 1898 vart Birkeland utnemnd til professor i fysikk ved det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania. Då var han berre 31 år gamal.

Birkeland studerte elektrisitet og magnetisme. Han fann ei forklaring på fenomenet nordlys, aurora borealis, og klarte å simulere prosessen i laboratoriet sitt. Birkeland var populær i Frankrike og Tyskland, men ideane hans fann mindre grobotn i England. Noko av grunnen kan vere at den respekterte britiske fysikaren Lord Kelvin blankt avviste at sola kunne vere årsak til nordlys.

Birkeland var og først ute med ei generell løysing av Maxwells likningar og var nær ved å oppdage elektronet. Joseph John Thomson, den offisielle oppdagaren av elektronet siterer Birkeland i sin publikasjon. Birkeland kan og ha oppdaga røntgenstrålar før Röntgen sjølv og det er mogleg at Birkeland var den første som brukte strålane til å fotografere knoklane i ei hand.

Birkeland freista òg å utnytta kunnskapane sine om elektrisitet kommersielt. Han teikna og bygde prototypen til ein elektrisk kanon som skulle revolusjonere krigsindustrien. Om det var flaks eller uflaks skal vere usagd, men kanonen kortslutta under fyrste demonstrasjonen.

Rik vart han i alle fall, for metodane han hadde utvikla vart tekne i bruk i produksjonen av kunstgjødsel. Saman med ingeniøren Sam Eyde oppfann han Birkeland-Eyde-metoden for utvinning av nitrogen frå luft. Prosessen vart grunnlaget for Norsk Hydro. Prinsippa bak den elektriske kanonen er i dag i bruk i utviklinga av sokalla Rail gun i det amerikanske forsvaret.

Eige observatorium i Egypt fekk han seg òg. Birkeland budde i Egypt frå 1914 til 1917. Han døydde i Tokyo på ei reise i Japan, 49 år gamal. Birkeland hadde vore sjuk lenge, men eit langvarig forbruk av sovepiller seiast å ha gjeve grobotn for rykte om at han hadde teke sjølvmord. Dette kan vere noko av grunnen til at han ikkje fekk meir merksemd i tiåra etter sin død, men at han kom frå eit fattig land langt vekke frå Oxford, Paris og Cambridge var vel så viktig.

Birkeland rakk å blitt nominert til nobelprisar i fysikk og kjemi fleire gonger og assistentane hans vart seinare leiande i den moderne fysikken i Noreg.

Birkeland si grav på Vestre gravlund i Oslo

Gravskrift: «Han bandt luftens kvelstoff i den elektromagnetiske lysbue. Han utforsket nordlysets natur, solens elektriske stråling og jordens magnetiske felt.»

Utgjevingar (utval) endre

  • Solution générale des équations de Maxwell pour un milieu absorbant homogène et isotrope, i Archives de Genève, Genève 1895
  • Om indsugning af katodestraaler mod en magnetpol, i Archiv for mathematik og naturvidenskab, 1896
  • Et Bud fra Solen, i Verdens Gang 16.9.1898
  • Underlige Tegn i Sol og Stjerner, i Aftenposten 13.1.1900
  • Expedition norvégienne de 1899–1900 pour l'étude des aurores boréales. Résultats des recherches magnétiques, DNVA Skr. I 1901 nr. 1, 1901
  • The Norwegian Aurora Polaris Expedition 1902–1903. Vol. I: On the Cause of Magnetic Storms and the Origin of Terrestrial Magnetism, 2 bd., 1908–13
  • L'Origine des mondes, i Archives de Genève, Genève 1913
  • Une méthode énumérative de la géométrie (saman med Th. Skolem), VSK Skr. I 1914 nr. 12, 1914
  • Om Verdens Tilblivelse, i Festskrift utgit i anledning af Aars og Voss's skoles femti aars jubilæum, 1918

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur