Oskar Kokoschka (1. mars 188622. februar 1980) var ein austerriksk målar og poet, mest kjend for sine intense ekspresjonistiske portrett og landskapsmåleri.

Oskar Kokoschka

Statsborgarskap Austerrike, Cisleithania, Austerrike, Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Tsjekkoslovakia
Fødd 1. mars 1886
Pöchlarn
Død

22. februar 1980 (93 år)
Montreux

Yrke kunstmålar, skodespelforfattar, lyrikar, universitetslærar, designar, grafikar, teiknar, biletkunstnar, illustratør, skribent
Språk tysk
Medlem av Royal Academy of Arts, Bayerische Akademie der Schönen Künste
Partnar Olda Kokoschka
Oskar Kokoschka på Commons

Liv og gjerning endre

Kokoschka var fødd i Pöchlarn i Niederösterreich. Etter å ha gått kunsthandverks-skulen i Wien 1904-08, reiste han i 1910 til Berlin. Der kom han i kontakt med gruppa Der Sturm og byrja lage inntrengande, psykologiske portrett. Desse utførte han på sin eigen måte, men utan å nå ut til publikum. Sidan Kokoscha ikkje likte jugendstilen, den rådande kunststilen i samtida, gav han avkall på ein stor, potensiell kundekrins. I 1914 måla han meisterstykket Brura til vinden, ei hyllest til Alma Mahler som han var sterkt forelska i.

Han deltok som soldat for Austerrike i den fyrste verdskrigen. Då han vart såra, vart han innlagd på sjukehus, der legane diagnostiserte han som mentalt ustabil. I 1919 fekk han ei professor-stilling i Dresden og underviste der i fem år. Han sa opp stillinga og reiste dei neste åra rundt i Europa, Nord-Afrika og i den nære Orienten. På desse turane måla han landskap og bybilete i ekspressive fargar og med kraftig pensel. I 1931 sette han bu i Wien.

I 1933 kom Kokoschkas verk på lista over entartete kunst, og han søkte året etter tilflukt i Praha. Der starta han ei eksil-kunstnarforening Oskar-Kokoschka-Bund. Vinteren 1938 mobiliserte Tsjekkoslovakia i fall Tyskland skulle angripe. Kokoschka flykta då til England, frå 1946 var han britisk statsborgar, fyrst i 1978 tok han tilbake sitt austerrikske borgarskap. Han var ein tur til USA i 1947 før han slo seg ned for godt i Sveits, i byen Villenueve. I tida etter andre verdskrigen fekk Kokoschka ei rad med utsmykkingsoppdrag under gjenoppbygginga av Austerrike og Tyskland.

Både Kokoschka og den samtidige landsmannen Max Beckmann heldt seg uavhengige av den tyske ekspresjonismen. I dag vert desse rekna som meistrane som fordjupa seg i verka til dei historiske, gamle meistrane, for slik å skape sin eigen stil. Deira individualisme hindra at dei vart påverka av modernismen. Begge skreiv om behovet for å utvikle det «å sjå» til ein del av kunsten. Kokoschka snakka om djupne-persepsjon, medan Beckmann var meir opptatt av det mystiske og visjonære. Begge var meistrar i innovativ oljemåling forankra i europeiske, tradisjonelle teknikkar.

Kokoschka sine litterære verk er likså sære og ekspressive som bileta. Det mest kjende er dramaet Hiob frå 1917. Memoararboka A Sea Ringed with Visions er like psykedelisk som bøker skrivne under påverknad av hallusinogen.

Kokoschka vart i 1955 tildelt den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste. Ein minnepris for biletkunstnarar som vart oppkalla etter han, vart innstifta etter han var død.

Galleri endre

Kjelder endre


  • Store Norske leksikon.