Oskemaurfugl

art av sporvefuglar

Oskemaurfugl (Cercomacra parkeri) er ein fugl i maurfuglfamilien som er endemisk for Colombia. Utbreiinga er i øvre og sentrale Magdalenadalen nord til Antioquia-departementet, òg så langt aust som til Yariguíes nasjonalpark i Santander-departementet.

Oskemaurfugl
Ein ung hannfugl i umoden fjørdrakt Foto: Andres Cuervo
Ein ung hannfugl i umoden fjørdrakt
Foto: Andres Cuervo
Utbreiing
Utbreiinga av Oskemaurfugl
Utbreiinga av Oskemaurfugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Cercomacra
Art: Oskemaurfugl C. parkeri
Vitskapleg namn
Cercomacra parkeri

Skildring

endre

Oskemaurfugl er vanlegvis rundt 14 centimeter lang. Som mange maurfuglartar syner denne arten kjønnsdimorfisme i fjørdrakta. Vaksne hannar er skifergrå, lysare under enn på oversida. Han har avvikande kvite fjørtuppar på dekkfjører nær skulder. Hoa har oransje til nøttebrun underside, og mørk brun overside, hovudet og halen er meir grå enn brun.

Han lever i tett underskog i våte skogsområde, spesielt i utkantar og lysningar, og i høg gjenvekst skog. Her lever dei utan å vere med i fleirartsflokkar. Dei beitar på insekt, edderkoppar og andre leddyr plukka frå lauvverket.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.[1]

Kjelder

endre
Referansar
  1. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oskemaurfugl