Andreas Arntzen

norsk politikar

Andreas Arntzen (18. februar 177714. desember 1837) var ein norsk jurist, trelasthandlar, stortingsrepresentant og statsråd.

Andreas Arntzen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. februar 1777
Grue kommune
Død

14. desember 1837 (60 år)
Christiania

Yrke dommar, politikar
Språk norsk

Liv endre

Arntzen var frå Grue i Hedmark, fødd på storgarden Grinder. Fram til 1795 vart han undervist heime på garden, men reiste så til København for å studere jus. Juridisk embetseksamen tok han i 1802. Han arbeidde så ein periode som prokurator i Christiania. 1811 døydde faren og Arntzen arva store skogeigedommar. For ei tid slutta han som sakførar, dreiv i staden trelasthandel.

Under unionskonfliktane i 1814 vart han 5. august innsett som politimeister i den nye hovudstaden. Ingen ville ha embetet, men Arntzen lukkast balansere slik at han hadde tillit både hos byborgarane og hos kong Karl III Johan. Denne evna til å samarbeide med begge sider i ein vanskeleg situasjon førte til at Arntzen fleire gonger seinare vart sett til vanskelege oppgåver.

Arntzen vart vald til 1. representant for Kristiania til det overordentleg storting i 1814. Han sat også på Stortinget i 1818, 1821 og på det overordentlege storting 1822. I 1818 var han lagtingspresident og visepresident i Stortinget. Attåt var han med i 16 komitear, i ni av desse var han formann. På tingsamlinga i 1821 var han både stortingspresident og lagtingspresident. Medlem var han i 22 komitear, og leia ti av dei. 1822 var han visepresident i Lagtinget og formann i komiteen om utsette saker. Han var medlem av riksretten 1821-22 mot statsrådane Herman Wedel Jarlsberg og Thomas Fasting. I eigenskap av høgsterettsassessor var Arntzen med i riksretten 1827 og i riksretten 1836. Til den siste melde han sjukdomsforfall etter fyrste møtet.

Ettersom konjunkturane for trelasthandel vart dårlege, og handelen gjekk med tap, tok Arntzen opp att sakførarpraksisen. År 1821 vart han høgsterettsadvokat, og to år seinare assessor i Høgsterett. Livet hans bar etter kvart preg av dårleg helse attåt gjeldsvanskar, og han deltok lite i offentleg liv.

I 1836 kom det til ny spenning mellom kongen og stortinget. Kongen oppløyste Stortinget på kort varsel, og statsrådane Jonas Collett og Christian Adolph Diriks vart avsett. Den nyutnemnde stattholdaren, Herman Wedel Jarlsberg, måtte finne nye statsrådar som både kongen og stortingsopposisjonen kunne godta. Han vende seg til Arntzen, som etter nøling sa ja. 10. november 1836 vart han utnemnd til statsråd, og vart sjef for Kyrkjedepartementet, deretter av Justisdepartementet. Etter eit drygt år som regjeringsmedlem døydde han i Kristiania.

Andreas Arntzen var far til juristen Carl Arntzen, stiftamtmann Karelius Arntzen og Oluf Arntzen. Arne Arntzen var bror hans.

Kjelder endre