Oslo tinghus er ein bygning i C.J. Hambros plass 4 i sentrum av Oslo. Bygget vart oppført av Statsbygg i åra 1992-1994 for å hyse Oslo tingrett, Oslo byfutembete (som vart samanslege med Oslo tingrett 26. april 2021) og Borgarting lagmannsrett (som flytta ut i 2005).

Oslo tinghus

Bygningen er i postmodernistisk stil i ti høgder, dei to øvste delvis dregne attende, og med ein monumentalt utforma fasade mot C.J. Hambros plass, der hovudinngangen er. Arkitekt har vore Østgaard Arkitekter A/S, og for interiøret, interiørarkitekt Beate Ellingsen. Bygningen var for liten allereie då han var ny. Ved ei ombygging i 2007 kom det til mellom anna ti nye rettssalar, og tryggleiken vart betra ved installasjon av meir effektive tryggingsslusar. I høve straffesaka mot den høgreorienterte terroristen Anders Behring Breivik i 2012 vart det innreia ein rettssal i andre høgda med plass til 204 tilhøyrarar.