Osloslørsopp
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]
Systematikk
Rike: Soppar Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Agaricales
Familie: Cortinariaceae
Slekt: Slørsoppar Cortinarius
Art: Osloslørsopp C. osloensis
Vitskapleg namn
Cortinarius osloensis

Osloslørsopp (Cortinarius osloensis) er ein truga soppart frå Noreg. Han høyrer til slekta slørsoppar (Cortinarius). Han er ein av få soppartar som er endemiske til Noreg, altså at han ikkje er kjend utanfor landet.[2] Soppen er berre kjend frå nokre få stader i området indre Oslofjord-Ringerike.[2]

Unge soppar har bleikgule stilk og skiver, medan kjøtet nesten er kvitt. Hatten er okergul på farge.[2]

Soppen veks typisk i kalklindeskog. Han dannar ein sopprotsymbiose med lind og kanskje også hassel.[2]

Det finst to førekomster av soppen på Bygdøy i Oslo, og to på Nes i Hole i Buskerud. Dei to på Bygdøy er på verneområde Dronningberget, og i Reinsdyrlia i nærleiken.[2] Ein rekner med at dagens førekomst er ein rest (relikt) etter eit større utbreiingsområde frå varmetida kjend som subboreal tid, då det vaks mykje meir lind i Skandinavia.[2] Soppen var tidlegare rekna som kritisk truga i Noreg. Denne vurderinga blei endra til den noko mildare sterkt truga i 2015, ettersom habitatet kalklindeskog har fått større vern.[3] Ein rekner med at det finst rundt 260 individ av arten.[1]

KjelderEndra