Otto Jensen

norsk prest

Otto Jensen (fødd 11. september 1856 i Kongsberg, død 26. februar 1918 i Hamar) var ein norsk teolog, statsråd og biskop i Den norske kyrkja.[1]

Otto Jensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1856
Kongsberg kommune
Død

26. februar 1918 (61 år)
Hamar kommune

Yrke prest, politikar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Otto Jensen på Commons

Jensen vart cand.theol. ved Det teologiske fakultetet i 1879. I 1898 disputerte han til den teologiske doktorgraden same stad, med avhandlinga Om soning og forsoning.[1]

Jensen arbeidde som lærar i Oslo og Stavanger frå han tok teologisk embetseksamen i 1879 til han vart residerande kapellan ved Asak kyrkje i Berg, Østfold 1889, seinare i Sankt Petri kyrkje i Stavanger i 1899. I 1905 vart han sokneprest i Skjeberg.[1]

Jensen var kyrkje- og undervisningsminister i Regjeringa Michelsen frå januar 1906 til oktober 1907.

Han vart utnemnd til stiftprost i Oslo i 1913, og i 1917 vart han biskop i Hamar bispedømme. Han fekk ei kort tid i embetet, og døydde allereie året etter.

Jensen vart oppfatta som ein frisinna teolog som freista å verka som ein brubyggjar under kyrkjestriden på byrjinga av 1900-talet.[1]

Han var far til biskop Eivind Berggrav.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hallgeir Elstad. «Otto Jensen». Norsk biografisk leksikon. Henta 2. juni 2015.