Opna hovudmenyen

Otto Juljevitsj Schmidt (18. september 18817. september 1956) var ein sovjetisk matematikar, astronom, geofysikar, utforskar, akademikar og statsmann. Han blei utnemnnd til Helt av Sovjetunionen den 27. juni 1937. og medlem av kommunistpartiet. Schmidt er mellom anna kjent for si hypotese om dannelsen av jorda og andre planeter i solsystemet.

Otto Schmidt
Otto Schmidt 1936.jpg
FøddОтто-Фридрихъ-Юліусъ Юльевичъ Шмидтъ
18. september 1891 (juliansk)
Mahiljoŭ
Død7. september 1956
Moskva
NasjonalitetDet russiske imperiet, Den russiske republikk, Sovjet-Russland, Sovjetunionen
OmrådeGruppeteori, astronomi, matematikk, geografi, geofysikk
Yrkeastronom, matematikar, oppdagar, politikar, universitetslærar, fysikar
InstitusjonarDet russiske vitskapsakademiet
Imperial University of St. Vladimir
Statsuniversitetet i Moskva
Alma materUniversitetet i Kiev
Imperial University of St. Vladimir
DoktorgradsrettleiarDmitry Grave
EktefelleVera Schmidt
BarnSigurd Sjmidt
MedlemUkrainas nasjonale vitenskapsakademi
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet

Schmidt var fødd i Mahiljow i Det russiske keisardømet, no i Kviterussland. Far hans stamma frå tyske innvandrarar til Kurland, mora var latviar.[1]

Otto Schmidt var ein kjend polarutforskar som tok del i fleire ekspedisjonar. I 1929 og 1930 leia hane kspedisjonar ombord i damp-isbrytaren «Georgij Sedov». Han skipa den første vitskaplege forskingsstasjonen i Franz Josef Land og utforska nordvestlege delar av Karahavet og vestkysten av Severnaja Zemlja, og oppdaga ein del øyar.

I 1932 utførte Schmidt sin ekspedisjon på isbrytaren «Sibirjakov» med kaptein Vladimir Voronin den første reisa frå Arkhangelsk til Stillehavet utan å overvintra.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Otto Schmidt» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2017.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Aleksey E. Levin, Stephen G. Brush The Origin of the Solar System: Soviet Research 1925-1991. AIP Press, 1995. ISBN 1-56396-281-0
      • Brontman, L.K. On top of the world: the Soviet expedition to the North pole, 1937-1938, New York, 1938.
      • McCannon, John. Red Arctic: Polar Exploration and the Myth of the North in the Soviet Union, 1932-1939. New York: Oxford University Press, 1998.
      • Otto Iul'evich Shmidt: Zhizn' i deiatel'nost. Moscow: Nauka, 1959.
  1. «Otto Yulievich Shmidt». Website of Shmidt Institute for the Earth Physics (på russisk). Arkivert frå originalen 2006-09-18. Henta 24. mars 2006.