Ove Robert Aunli (fødd 12. mars 1956 i Hemne) er ein tidlegare norsk langrennar, gift med Berit Aunli. Han var først medlem av klubben på heimstaden, Kyrksæterøra IL, sidan av Strindheim IL.

Ove Aunli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mars 1956
Orkdal
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

LangrennarEndra

Aunli deltok på det norske stafettlaget som vann gullmedalje under VM 1982. Under VM 1985 i Seefeld gjekk han ankeretappen for Noreg på stafetten. Her sprengde han feltet om lag ein kilometer før mål og la Italias Giuseppe Ploner bak seg før oppløpet, slik at det vart norsk gull. Hans fremste individuelle prestasjon kom då han vann sølv på 30 km i same meisterskapen. Han fekk elles bronsemedalje på 15 km under OL i 1980 og ein VM-medalje av same valør på 50 km under VM i 1985, då han var i sitt livs beste form. Aunli gjekk få gode løp i norgesmeisterskap. Han vann eitt einaste NM-gull (30 km i 1985), fekk tre sølv og ein bronse.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

  • 1978: Nr 10 på 15 km i VM i Lahti.
  • 1979: Nr 9 på 50 km, Holmenkollen.
  • 1980: Bronsemedalje på 15 km i OL i Lake Placid.
  • 1981: Nr 2 på 15 km i Lahti.
  • 1982: Nr 4 på 15 km under VM i Holmenkollen.
  • 1983: Nr 12 på tremila og i Falun og på femmila i Holmenkollen.
  • 1983/4: Nr 2 på 15 km i Ramsau og nr 4 på femmila i Holmenkollen.
  • 1984/5: Sølvmedalje på 30 km og bronsemedalje på femmila i VM i Seefeld. Vinnar av 15 km i Davos.
  • 1985/6: Nr 5 på 30 km i Bibawik.
  • 1987: Nr 5 på 30 km i Falun.

Medaljar i VM- og OL-stafettarEndra

  • 1978: Bronse (VM).
  • 1980: Sølv (OL).
  • 1982: Gull (VM).
  • 1985: Gull (VM).
  • 1987: Bronse (VM, Oberstdorf).

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskapEndra

Aunlis beste samanlagtplasseringar i verdscupen er tredjeplass i både 1981 og 1985.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar