P.C. Reinsnes

norsk politikar

Petter Carl Reinsnes (oftast kalla P.C. Reinsnes) (4. oktober 190412. mars 1976) var ein norsk gardbrukar og politikar for Arbeidarpartiet. Han var blant anna ordførar i Sortland kommune, fylkesordførar i Nordland og stortingsrepresentant (1958-65).

P.C. Reinsnes

Fødd4. oktober 1904
Sortland kommune
Død12. mars 1976 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Petter Ovald Karlsen (seinare Petter Carl Reinsnes) var fødd i bygda Reinsnes i Sortland kommune. Han var son av gardbrukaren og fiskaren Carl Anton Jentoft Reinsnes (1870-1954) og Otilie Petrine Pettersen (1876-1945). Han gjekk både mellomskule og vinterkurs ved folkehøgskular i Vågan og i Vefsn.

Reinsnes var i yngre år oppteken med arbeid på garden og med fiskje. Han var oppsynsmann under Lofotfisket frå 1933 til 1940, og deretter styrar ved ymse anlegg i regi av Vesterålen Kraftlag til 1943. Han utanna seg ved ein sosialistisk dagskule og fullførte eit kriminalpolitikurs ved Stockholm politiskule under andre verdskrigen. I 1944-45 var han fenrik i Rikspolitikorpset og kriminalpolitibetjent i Finnmark.

Reinsnes vart vald inn i kommunestyret i Sortland hausten 1931, og vart ordførar i 1935. I 1941 vart han avsett som ordførar av nazistane, og i 1944 måtte han rømme til Sverige. Da krigen var over, kom han tilbake til Sortland, og han var ordførar ut 1959. Ved kommunevalet i 1959 gjorde Arbeidarpartiet eit dårleg val, og Reinsnes mista ordførarposisjonen. Han berga likevel plassen i kommunestyret. Etter valet i 1963 vart han igjen vald til ordførar, og han sat som ordførar til og med 1975.

Heilt frå 1932 til han døydde i 1976 var Reinsnes av heradsstyret i Sortland, med unnatak for krigsåra 1940-45. Han var ordførar 1932-39 og 1962-76. I Sortland var Reinsnes formann 1937-54 i alderstrygdnemnda og 1946-58 i bygningsrådet. Jamsides var han styreformann Vesterålen Kraftlag 1939-43 og 1945-76, formann i samferdslenemnda i Nordland fylke 1951-56 og i overstyret for fylkeslandbruksskulen 1955-76. Vidare var han styreleiar i Niingen kraftlag A/S 1953-76, Sortlandsbrua A/S 1966-76, Vesterålsbruene A/S 1970-76. Dessutan var han formann i Nordland krins av Noregs heradsforbund 1948-76, og representantskapsordførar i Nord-Norges Salgslag 1959-65.

P.C. Reinsnes vart vald inn på Stortinget i 1957, og sat i to periodar (åtte år), delvis samtidig med at han var ordførar i Sortland. Det meste av tida på Stortinget var han medlem i Utanrikskomitéen.

Reinsnes representerte Nordland og Arbeidarpartiet på Stortinget frå nyår 1958 til hausten 1965. Han var medlem i Justiskomiteen til 14. mai 1958, deretter i Utanriks- og konstitusjonskomiteen til 29. januar 1964, og til sist i Kyrkje- og undervisningskomiteen til 30.9.1965.

Reinsnes markerte seg særleg som ein aktiv og framtidsretta kommunepolitikar. Det var kommunikasjonar, utdanning og kraftforsyning som var hjartesakene hans. Mens han var ordførar, var han ofte i Oslo og bad om pengar til ulike prosjekt i kommunen, og det gav resultat. Han ivra for utbygging av vegar, ferjjeruter og seinare bruer, han arbeidde for bygginga av ein landbruksskole i Vesterålen (Kleiva landbruksskole), og han var styreformann i Vesterålens Kraftlag (nå Vesterålskraft) frå starten i 1939 til han døydde i 1976.

Frå 1960 og utover på 1960-talet tok han initiativet til å knyte øyane i Vesterålen saman med bruer. Andøybrua og Kvalsaukbrua vart opna i 1974, og Sortlandsbrua i 1975. Hadselbrua vart opna etter hans død i 1978. Han var styreformann i Vesterålsbruene A/S frå 1970 til han døydde. Reinsnes var også engasjert i arbeidet med å få ein kortbaneflyplass til Vesterålen. Stokmarknes lufthamn, Skagen vart opna i 1972.

P.C. Reinsnes var fylkesordførar i Nordland mellom 1970 og 1972. Han hadde også mange andre offentlege og administrative verv.

Reinsnes vart tildelt kongens fortenestmedalje i gull kort tid før han døydde av kreft 12. mars 1976.

26. august 1978 vart ein byste av P.C. Reinsnes, laga av kunstnaren Nils Aas, avduka utanfor Sortland rådhus, same dagen som Vesterålsbruene vart offisielt opna av kong Olav V.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre