Pakriøyane (estisk Pakri saared, svensk Rågöarna) er to øyar i Finskebukta i Estland: Suur-Pakri og Väike-Pakri (svensk Stora Rågö og Lilla Rågö). Administrativt høyrer dei til byen Paldiski. I fleire hundreår var øyane busett av estlandssvenskar, fram til den andre verdskrigen då heile folkesetnaden vart tvinga til å flytte.

Pakriøyane
svensk Rågöarna
Lokalt namn Pakri saared
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 59°20′N 23°57′E / 59.333°N 23.950°E / 59.333; 23.950

Store øyar Väike-Pakri, Suur-Pakri
Areal 24,7 km² (12,9 og 11,6 km²) km²

Høgaste punkt 17 moh moh.
Administrasjon
Land Estland
Fylke Harju

Demografi
Folketal 1 (2008)

Etymologi

endre

Det svenske namnet på øyane tyder «Rugøyane» og tidlegare var rug ei vanleg avling på øyane.[1] Alternative namn på øyane er Västra Rågö/Västerö og Östra Rågö/Österö.[2]

Väike-Pakri (Vesle-Pakri) er faktisk noko større enn Suur-Pakri (Store-Pakri). Årsaka for desse forvirrande namna er truleg at Suur-Pakri hadde fleire innbyggjarar, betre jordbruksland og vart sett på som viktigare.[1]

Geografi

endre
 

Øyane ligg nokre kilometer utanfor kysten av Estland. Väike-Pakri ligg 3 km vest for Paldiski, og mellom dei ligg Paldiskibukta (Pakribukta) (svensk Rågövik), som er over 20 meter djup. Det grunne, 3 km brei Kurksesundet skil øyane frå fastlandet i sør.

Väike-Pakri, den austlege øya, har eit areal på 12,9 km², medan Suur-Pakri er 11,6 km² (åttande og niande største øyane i Estland). Väike-Pakri er òg høgare enn Suur-Pakri (17 moh og 8 moh). Båe øyane er om lag 6 km lange og 2-2,5 km breie.

Det ligg eit par holmar i det 1-1,5 km breie og grunne sundet mellom dei to øyane. I 1952 vart det bygd ei vegfylling mellom dei to øyane av den sovjetiske hæren.

På nordkysten av begge øyane finn ein kalksteinsberg. Desse er ein del av Baltisk klint og stig 4 meter opp på Suur-Pakri og opp til 13 meter på Väike-Pakri.[1] Båe øyane er i røynda ein del av det større kalksteinsplatået i Nord-Estland.[3]

Landsbyar

endre
 
Storbyn på Väike-Pakri i 1930-åra.

Før den andre verdskrigen hadde dei to øyane fem landsbyar, tre på Suur-Pakri og to på Väike-Pakri.

Suur-Pakri[2]

  • Storbyn (estisk Suurküla) (100 innbyggjarar i 1935)
  • Strandbyn eller Åsbyn (estisk Rannaküla) (59)
  • Bisagidbyn (estisk Lepiku küla) (38)

Väike-Pakri[2]

  • Storbyn (estisk Suurküla) (88)
  • Lillbyn (estisk Väikeküla) (72)

Historie

endre
 
Suur-Pakri

Øyane var busett i 1345, då fem svenske familiar kjøpte den vestlege øya frå Padise kloster.[1] Etter ei estisk folketeljing i 1934 hadde øyane 354 innbyggjarar, alle estlandssvenskar, bortsett frå 13 tyskarar.[4] Det var fem landsbyar og 119 heimar, eit lite folkemuseum (opna i 1935, stengt i 1940) og båe øyane hadde si eiga kyrkje og sin eigen skule. Etter at Molotov–Ribbentrop-pakta vart underskriven og Sovjetunionen overtok Estland, vart alle innbyggjarane på øyane tvinga til å dra frå dei i 1940. Båe øyane vart erklært militærbasar for det sovjetiske forsvaret. Dei fleste estlandssvenskane reiste til Sverige før 1944 under den tyske okkupasjonen av Estland. Etter den andre verdskrigen hadde Väike-Pakri få innbyggjarar fram til 1965.[5] Under sovjettida, fram til 1992, vart øyane nytta som prøvefelt for luftbombardement av land i Warszawapakta.[1]

Etter at øyane kom tilbake til Estland i 1994 var hovudmålet å reinske øyane for udetonerte bomber. Tusenvis av eksplosiv vart øydelagde og det meste av arbeidet var ferdig i 1997.[6]

 
Väike-Pakri

Under landreforma etter sjølvstendet til Estland, vart enkelte eigedomar gjevne tilbake til eigarane frå før andre verdskrigen. Den nordlege delen av øyane og den sørlege delen av Väike-Pakri vart innlemma i Pakri landskapsvernområde i 1998 for å verne kalksteinsberga, alvarar og sjeldne artar.[7] I 2004 fekk øyane den første permanente innbyggjarane på fleire tiår, då ein person som var fødd her før den andre verdskrigen flytte tilbake til barndomsheimen sin og bygde opp att garden.[8]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «The Pakri Øyar' Development Foundation». Arkivert frå originalen 31. juli 2009. Henta 6. april 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 (svensk) Söderbäck, Per (1940). Rågöborna. Stockholm: Fritzes Kungl. Hovbokhandel. 
  3. «Limestone plateaus of North-Estonia». Estonica. Arkivert frå originalen 10. juni 2007. Henta 6. april 2009. 
  4. (estland) (fransk) Valdade rahvastik : 1. III 1934 rahvaloenduse andmed. Vihk I (PDF). Tallinn: Riigi Statistika Keskbüroo. 1934. 
  5. «Pakri Islands in Estonia». 
  6. (estisk) «Pakri saared - Rågöarna». Arkivert frå originalen 29. desember 2008. Henta 6. april 2009. 
  7. (estisk) «Pakri maastikukaitseala». [daud lenkje]
  8. (estisk) «Elu ühes päevas». Eesti Ekspress. 

Bakgrunnsstoff

endre