Atene (gresk Αθηνα eller Αθηνη), au skrive Athene, kalla Pallas Atene, er den greske gudinna for visdom, krig og strategi. Atene var au gudinna for å rettleie heltar. Ho vart assosiert med den etruskiske gudinna Menrva og seinare av romarane som Minerva.

Atene

FøddOlympus
Opptrer iOdysseen, Iliaden, De bønnfallende, Hades
Identifisert medMinerva, Pallas, Aëdon
MorMetis, Coryphe
FarZevs
BarnBroteas, Korybantes, Hygieia
Utskoren Atene og krigarar på tempelet på Éjina frå 490–480 f.Kr., no i München Glyptothek.
Foto: JM Bell

Ho var fylgd av ei lita ugle, bar eit geiteskinnsskjold som blei kalla Aegis som blei gitt til henne av far hennar og var i fylgje med gudinna for siger, Nike. Atene er ei væpna krigargudinne, var aldri eit barn, alltid ei jomfru (parthenos). Parthenon i Athen i Hellas er det mest berømte tempelet hennar. Ho hadde aldri ein ektemann eller elskar, sjølv om Hefaistos forsøkte ein gong, og mislykkast. Herodot og Platon identifiserte feilaktig Atene med gudinna Neith dyrka av libyarane (dei moderne berbarane).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Atene