Palygorskitt eller attapulgitt er eit leirmineral som dannar kvite til grå, fibrige matter. Dei opptrer ofte på sprekkar i bergartar som såkalla berglêr eller bergkork. Det er eit vasshaldig magnesium-aluminiumsilikat, (Mg,Al)2Si4O10(OH)·4H2O, og strukturmessig er det eit sjiktgittersilikat med tydeleg kjedestruktur.

Palygorskitt

A sample of Palygorskite
Generelt
KategoriFylosilikat
Kjemisk formel(Mg,Al)2Si4O10(OH)·4(H2O)
Strunz-klassifisering09.EE.20
Krystallsymmetri2/m - prismatisk
Einingscellea = 12.78Å, b = 17.86Å, c = 5.24Å β = 95.78°
Identifikasjon
FargeKvit, gråaktig, gulaktig, grå-grøn
Kløyvtydeleg/god, god på {110}
Mohs hardleiksskala2 - 2½
GlansVoksaktig, jordaktig
TransparensGjennomskinneleg
Spesifikk vekt1 - 2.6
Kjelder[1][2][3]

Namnet attapulgitt kjem frå den amerikanske byen Attapulgus i Georgia, der det finst mykje av mineralet. Namnet palygorskitt er gjeven etter staden i Uralfjella der det først vart oppdaga.

Kjelder endre

  1. Mindat.org
  2. Webmineral.com
  3. Handbook of Mineralogi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 6. august 2014 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Palygorskitt