P.L. Travers

(Omdirigert frå Pamela Lyndon Travers)

Helen Lyndon Goff (9. august 189923. april 1996), kjend som Pamela Lyndon Travers eller P.L. Travers, var ein australsk-britisk forfattar og skodespelar som særleg er kjend for barnebøkene om Mary Poppins.

Pamela Lyndon Travers

Pseudonym Pamela Lyndon Travers
Statsborgarskap Australia, Storbritannia
Fødd 9. august 1899
Maryborough
Død

23. april 1996 (96 år)
London

Yrke lyrikar, skribent, romanforfattar, barnebokforfattar, journalist, skodespelar
Sjanger Barnebøker
P.L. Travers på Commons

P.L. Travers var fødd i Maryborough i Queensland i Australia. Faren Travers Robert Goff var irsk-engelsk. Han var banskjef i Australia, men blei seinare degradert til bankkasserar.[treng kjelde] Moren var syster av ein britisk koloniadministrator. Travers gjekk på kostskule i Sydney, og verka seinare som skodespelarar i eit turnekompani. Samstundes gav ho ut dei første dikta og forteljingane sine i ulike blad. Ho flytta til London i 1924, der ho etablerte seg som forfattar. Gjennom venskap med forleggjarane Peter Llewelyn Davies (stesonen til J.M. Barrie, ofte rekna som modellen til Peter Pan) og George William Russell fekk ho innpass i eit litterært miljø.[treng kjelde]

Travers engasjerte seg i new age-inspirerte og okkulte miljø,[1] og møtte Georgij Ivanovitsj Gurdjieff, som ho seinare skreiv om i Man, Myth and Magic: Encyclopedia of the Supernatural (1971).[2] På 1960-talet studerte ho zen i Japan, og på 1970-talet budde ho med hopifolk i USA.

Ho gifta seg aldri, men skal ha hatt forhold til både kvinner og menn.[3][4] I 1939 adopterte ho den irskfødte Camillus Travers Hone (1937-2011).[5]

Ho blei utnemnd til offiser av Order of the British Empire i 1977.

Virke

endre

Travers er i ettertid nesten berre kjend for barnebøkene sine om Mary Poppins, men mislikte sjølv rolla som barnebokforfattar, og var sterkt kritisk til Disney sin filmversjon av bøkene.[3][6] Livet til Travers, og forholdet hennar til Disney, er tema for spelefilmen Saving Mr. Banks (2013).

Andre bøker ho skreiv er barneboka I Go By Sea, I Go By Land (1941), som fortel om to barn som blir evakuerte frå Storbritannia til USA under andre verdskrigen.[7]

Sjølv nemnde Traver boka Friend Monkey (1971) som si eiga favorittbok «because the Hindu myth on which it is based is my favorite — the myth of the Monkey Lord who loved so much that he created chaos wherever he went».[8]

Utgjevingar

endre
Bøker om Mary Poppins
  • Mary Poppins (1934)
  • Mary Poppins Comes Back (1935)
  • Mary Poppins in the Park (1935)
  • Mary Poppins Opens the Door (1943)
  • Mary Poppins From A-Z (1962)
  • Mary Poppins in the Kitchen (1975)
  • Mary Poppins in Cherry Tree Lane (1982)
  • Mary Poppins and the House Next Door (1988)
Andre bøker
  • I Go By Sea, I Go By Land (1941)
  • Gingerbread Shop (1952)
  • Mr. Wigg's Birthday Party (1952)
  • The Magic Compass (1953)
  • Fox at the Manger (1962)
  • Friend Monkey (1971)
  • Two Pairs of Shoes (1980)

Kjelder

endre
  1. Kari Sønsthagen og Torben Weinreich. Leksikon for børnelitteratur. Branner og Korch, 2003. ISBN 87-411-5970-5
  2. gurdjieff.org
  3. 3,0 3,1 Picardie, Justine (28. oktober 2008). «Was P L Travers the real Mary Poppins?». The Daily Telegraph. Henta 9. mai 2013. 
  4. Valerie Lawson. Mary Poppins She Wrote. Aurum Press, 2005. ISBN 1-84513-126-6
  5. Mary Poppins writer took baby because she 'loved Ireland' Sunday Mirror, 19.1.2003.
  6. Caitlin Flanagan. Becoming Mary Poppins: P. L. Travers, Walt Disney, and the making of a myth. I: The New Yorker, 12. desember 2005
  7. Peter Hunt. «Retreatism and advance (1914-1945)». I: Children’s Literature, an illustrated history. Edited by Peter Hunt. Oxford University Press, 1995. ISBN 0-19-212320-3
  8. Edwina Burness, Jerry Griswold (vinteren 1982). «P. L. Travers, The Art of Fiction No. 63». The Paris Review. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: P.L. Travers