Paparoa Range
Paparoa Range er ei fjellkjede på Vestkysten av Sørøya på New Zealand. Ho var truleg det fyrste newzealandske landområdet som blei sett av ein europear, Abel Tasman, i 1642. Ein del av området er verna som Paparoa nasjonalpark, som blei skipa i 1987.
Paparoa Range | |||
fjellkjede | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Paparoa Range 42°08′35″S 171°31′01″E / 42.143°S 171.517°E | |||
Wikimedia Commons: Paparoa Range |
Historie
endreDen nederlandske utforskaren Abel Tasman var den fyrste (kjende) europearen som kom til New Zealand (Aotearoa), som han kalla Staten Landt, og han kom dit for fyrste gong 13. desember 1642. Tasman hadde 110 menn under sin kommando, og reiste med to skip, «Heemskerck» og «Zeehaen». Ein trur at skipa låg utanfor Punakaiki, og om detter er rett, var det Paparoa Range dei såg.[1]
Ein del av området er verna som Paparoa nasjonalpark, som blei oppretta i 1987. I denne parken skjedde Cave Creek-ulukka i 1995.[2]
To innbyggjarar frå Grey Valley, Trevor Johnston og Kevin Dash, var dei fyrste en kjenner til som gjekk Paparoa Range på langs frå nord til sør i 1986. Dei skreiv seinare ei bok om opplevinga, Touch the Wilderness.[3]
Geografi
endreFjellkjeda ligg langs kysten mellom Buller- og Grey-elva, med Inangahua-elva i aust. Den høgaste toppen i Paparoa-fjella er Mount Uria på 1525 meter, og ei rekkje andre toppar er høgare enn 1200 meter. Papahaua Range nord for Buller-elva er eit geologisk framhald av Paparoa Range.[4] Den sørlege delen av området ligg i Grey District og den nordlege delen i Buller District. Nokre av toppane ligg på grensa mellom dei to distrikta.
Mange av toppane som har namn er kalla opp etter vitskapsfolk. Dette temaet blei innført av oppdagaren Julius von Haast.[5] Toppane inkluderer Buckland Peaks (etter William Buckland), Mount Faraday (Michael Faraday; namngjeven av von Haast), Mount Curie (Marie Curie), Mount Mendel (Gregor Mendel), Mount Pasteur (Louis Pasteur), Mount Einstein (Albert Einstein), Mount Rutherford (Ernest Rutherford), Mount Euclid (Evklid), Mount Fleming (Alexander Fleming), Mount Lavoisier (Antoine Lavoisier), Mount Kelvin (William Thomson, 1. baron Kelvin; namngjeven av botanikaren William Trownson), Mount Copernicus (Nicolaus Copernicus), Mount Galileo (Galileo Galilei) og Davy (Humphry Davy; namngjeven av von Haast).[6][7][8][9]
Kjelder
endre- ↑ «First recorded European sighting of New Zealand». Ministry for Culture and Heritage. Henta 18. desember 2021.
- ↑ «Cave Creek». Christchurch City Council. Henta 5 January 2022.
- ↑ «Touch the wilderness / Kevin Dash & Trevor Johnston.», natlib.govt.nz, henta 11. april 2024
- ↑ Bowen, Frederick Ernest (1966). «Paparoa Range». I McLintock, A. H. An Encyclopaedia of New Zealand. Ministry for Culture and Heritage / Te Manatū Taonga. Henta 21. august 2022.
- ↑ «Place name detail: Paparoa Range». New Zealand Gazetteer. Land Information New Zealand. Henta 21 August 2022.
- ↑ Reed, A. W. (2010). Peter Dowling, red. Place Names of New Zealand. Rosedale, North Shore: Raupo. s. 121. ISBN 9780143204107.
- ↑ «Place name detail: Paparoa Range». New Zealand Gazetteer. Land Information New Zealand.
- ↑ «Mount Copernicus». Henta 16. januar 2023.
- ↑ «Mount Galileo». Henta 16. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Paparoa Range» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2024.