Opna hovudmenyen

William Thomson Kelvin

britisk fysikar

William Thomson, lord Kelvin (26. juni 182417. desember 1907) var ein britisk matematisk fysikar som vert rekna som grunnleggaren av termodynamikk. Han var professor i fysikk ved Universitetet i Glasgow frå 1846 til 1899.

William Thomson Kelvin
Kelvin-1200-scale1000.jpg
Fødd26. juni 1824
Belfast
Død17. desember 1907
Largs
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdefysikk
Yrkefysikar, astronom, matematikar, universitetslærar, politikar, ingeniør
InstitusjonarUniversity of Glasgow
Alma materUniversity of Glasgow
Peterhouse
University of Cambridge
DoktorgradsrettleiarWilliam Hopkins
MedlemDet prøyssiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Royal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Göttingens vitenskapsakademi
Det ungarske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Royal Society of Edinburgh
Det russiske vitskapsakademiet
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
National Academy of Sciences

Han vart adla av dronning Victoria i 1892 til 'baron Kelvin (lord Kelvin) for arbeidet sitt med å leggje ein transatlantisk telegrafkabel. Namnet Kelvin kjem frå elva Kelvin som renn gjennom universitetsområda i Glasgow. Han starta ved dette universitetet ti år gammal, og då han nådde 22 år var han vorte professor her. Han vart valt som medlem av Royal Society i 1851 og var president der i perioden 1890-1895. I 1896 vart han tildelt Knight Grand Cross av Royal Victorian Order og i 1902 vart han ein av dei første medlemmane av Order of Merit. Han er gravlagt i Westminster Abbey i London.

Lord Kelvin tenkte ut den absolutte temperaturskalaen (kelvinskalaen) i 1848 og SI-eininga for temperatur, Kelvin, er kalla opp etter han. I 1951 gav han ut ei betre forklaring av skalaen, samstundes med at han kom fram til den andre termodynamikklova. I 1853 oppdaga han saman med J.P. Joule Joule-Thomson-effekten. I 1856 føresåg han Thomson-effekten. Lord Kelvin arbeidde innan mange område, tenkte ut nye metodar og gjorde mange oppfinningar. Han var konsulent for firmaet som i 1850-åra la den første transatlantiske telegrafkabelen. I dette arbeidet vart det naudsynt å nytte særs følsame måleinstrument, og han konstruerte då speilgalvanometeret

Lord Kelvin vart utnemnt til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.

Prisar og utmerkingarEndra

KjelderEndra