Opna hovudmenyen
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sumapaz (fleirtyding).

Parque nacional natural Sumapaz er ein colombiansk naturpark på 1540 kvadratkilometer, skipa i 1977. Han dekker delar av tre departement i Colombia, dette er Cundinamarca, Meta og han går òg litt inn i Huila. Parken ligg like sør for Bogotá, D.C., i den austlege fjellkjeda av Andes. Høgdeprofilen trekkjer seg frå 1500 m opp til ei høgd på 4360 moh. Lufttemperaturen varierer mellom 2° og 19° C. Landskapet er prega av planteartar i slekta Espeletia. I tillegg til vern av fauna og flora i parken, skal han òg verne arkeologiske funn frå tida før tilkoma av spanske conquistadorar.

Tallause lagunas, som samlar vatn frå mange små elver, ligg innanfor grensene til Parque nacional natural Sumapaz. Innsjøane er vidare kjelder til større elvesystem.

Fauna og floraEndra

Flora utgjer i tillegg til representantar for slekta Espeletia frå korgplantefamilien, også 40 til 50 cm høge grasartar frå slekta Paspalum. Utanom desse finst tallause andre planteartar. Det er til dømes funne 55 representantar for korgplantefamilien, 20 for grasfamilien, 15 i skjermplantefamilien, 14 i rosefamilien og 12 i brunrotfamilien ved Chisacá-sjøen åleine. Faunaen omfattar forutan mange froskar, reptil og fugleartar, òg pattedyr som til dømes puma og tigerkatt.

Parken er heimen til det største verna habitatet i Colombia av den sjeldne fjelltapir.[1] Ca. 600 kvadratkilometer innanfor parken passar andestapiren.[2]

KjelderEndra

  • «Parques Naturales de Colombia» (på spansk). Henta 12. desember 2015. 
  • Pedraza Peñalosa, Luisa Paola: Las Plantas con Flores de los alrededores de la laguna de Chisacá . Bogotá 2000th
Referansar
  1. «tapirer» i Store norske leksikon, snl.no. Om norsk namn på arten i seksjonen Systematikk
  2. D. J. Lizcano, V. Pizarro, J. Cavelier og J. Carmona: Geographic distribution and population size of the mountain tapir (Tapirus pinchaque) in Colombia.. Journal of Biogeografi, 29, 7-15