Partiet Sentrum er eit norsk politisk parti. Partiet blei oppretta av fleire tidlegare fylkestoppar frå Kristeleg Folkeparti, avhopparar frå Sosialistisk Venstreparti,[3] Arbeidarpartiet, Høgre[4] og Miljøpartiet Dei Grøne, i lag med tidlegare byråd for Arbeidarpartiet i Oslo Geir Lippestad. Ungdomsorganisasjonen til partiet er Unge Sentrum.[5] Partileiar er Geir Lippestad, mens Anders Møller-Stray er generalsekretær.

Partiet Sentrum

LandNoreg
Partileiar(ar)Geir Lippestad
GrunnleggjararGeir Lippestad
Grunnlagtseptember 2020
HovudkvarterOslo
Ungdomsorg.Unge Sentrum[1]
Medlemstal1 150 (2023)[2]
Ideologi
Farge     Raud

I partiplattforma har Partiet Sentrum vedteke å vere eit blokkuavhengig sentrumsparti som legg berekraftsmåla til SN og menneskerettsfråsegna til grunn. Partiet er livssynsope.

Partiet Sentrum ønskte regjeringsskifte etter stortingsvalet 2021.[6] Partiet fekk 7 836 røyster (0,3 % oppslutning).[7]

Politisk plattform endre

I partiplattforma definerer Partiet Sentrum seg som eit blokkuavhengig sentrumsparti som legg berekraftsmåla til SN og menneskerettsfråsegna til grunn. Partiet skildrar seg vidare som livssynsope. Det har vidare programfesta støtte til LHBT+-rettar, medrekna styrking av helsetilbod og rettar for transpersonar. Partileiar Geir Lippestad har uttalt at «transpersoner i Norge er en marginalisert og sårbar gruppe (...) det er manglende aksept for gruppen som er utfordringen».[8]

Meiningsmålingar endre

Partiet Sentrum sikra seg i desember 2020 nok underskrifter til å stille med lister i alle fylke til stortingsvalet 2021.[9] I meningsmålingar vinteren 2020/21 blei partiet målt til mellom 0,0 og 0,7 prosents oppslutning.[10][11]

Norstat gjennomførte våren 2021 ei landsdekkjande undersøking på oppdrag frå Partiet Sentrum, for å svar på korleis partiet låg an før stortingsvalet 2021.[12] 2 % av dei 1000 spurte svara «ja» på spørsmålet om dei vurderte å røyste på partiet ved valet til hausten. 9 % svara «kanskje», og 13% svara «veit ikkje».[13]

Val endre

Ved stortingsvalet 2021 fekk Partiet Sentrum 7 836 røyster. Det gav ei oppslutning på 0,3 %.[7]

Ved kommunestyrevalet 2023 fekk partiet 11 254 røyster, og sju representantar valde inn. I Oslo stilte partileiar Geir Lippestad som fyrstekandidat. Han blei vald inn i Oslo bystyre som den einaste representanten for partiet.[14] Lippestad og partiet fekk kritikk for fokuset dei hadde hatt på veljarar i muslimske miljø i valkampen, særleg etter at dei fekk støtte frå den kontroversielle islamske organisasjonen Islam Net.[15] På slutten av valkampen gjekk byrådsleiar Raymond Johansen ut med kritikk av Lippestad og Partiet Sentrum sin flørt med Islam Net og kalla han «kynisk, og i verste fall farlig».[16]

I fylkestingsvalet 2023 fekk partiet 8 176 røyster, men ingen representasjon.

Kjelder endre

  1. «Unge sentrum er etablert.». partietsentrum.no. Sentrum. 30. november 2020. Arkivert frå originalen 8. mars 2021. Henta 20. januar 2021. 
  2. offisiell nettstad, Wikidata Q22137024 
  3. Rowe, Asle (20. desember 2020). «(+) Thore Sebastian går fra SV til Partiet Sentrum». Sandefjords Blad (på norsk). Henta 1. juli 2021. 
  4. Aslam, Hina. «Partiet Sentrum tar opp kampen med Ap: – Kunne ikke støtte et parti jeg ikke kjenner meg igjen i». Dagsavisen - nyheter, sport, debatt og kultur (på norsk). Henta 20. mars 2021. 
  5. «Partiet sentrum». NRK. 20. januar 2021. 
  6. «Sentrum vil ha Støre som statsminister». www.dagsavisen.no (på norsk). 30. september 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Tall for hele Norge Stortingsvalg 2021». Valgresultat.no (på norsk). Henta 22. september 2021. 
  8. «Lippestad går ut mot egen ungdomspartileders definisjon på kjønn». Henta 10. august 2023. 
  9. «Sentrum har sikret seg 6 110 underskrifter – vil stille liste i samtlige fylker». Aftenposten. 20. januar 2021. 
  10. «pollofpolls.no - Sentrum 0,0 og 0,1». www.pollofpolls.no. Henta 30. januar 2021. 
  11. «pollofpolls.no - Frp lekker til «andre» – II». www.pollofpolls.no. Henta 3. februar 2021. 
  12. «Partiet Sentrum får ikke vite hvem som vil stemme på dem – tar saken i egne hender». Vårt Land (på norsk). Henta 1. juli 2021. 
  13. «Norstat undersøkelse: På rett vei oppover». Partiet Sentrum (på norsk bokmål). 1. juli 2021. Arkivert frå originalen 1. juli 2021. Henta 1. juli 2021. 
  14. Blaker, Magnus (12. september 2023). «Valgbombe i Oslo: Partiet Sentrum suser inn i bystyret». Nettavisen (på norsk). Henta 19. september 2023. 
  15. «Partiet Sentrums flørt med Islam Net er en farlig lek med ilden». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 14. september 2023. Henta 19. september 2023. 
  16. «Raymond Johansen ut mot sin tidligere byråd Geir Lippestad: – Kynisk og i verste fall farlig». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 8. september 2023. Henta 19. september 2023. 

Bakgrunnsstoff endre